Stengjer gründerar ute frå offentlege innkjøp

Næringsminister Monica Mæland førebur ei ny lov som skal styra offentlege innkjøp i retning av verksemder som tek inn lærlingar. Ministeren har ingen planar om å gjera unntak for gründerverksemder.

Næringsminister Monica Mæland prioriterer læringeverksemdene framfor gründarar i forlag til lov om offentlege innkjøp.
Næringsminister Monica Mæland prioriterer læringeverksemdene på bekostning av gründarverksemdene i forslaget til lov om offentlege innkjøp.

Det offentlege – stat, kommunar og fylkeskommunar, er Norges største innkjøpar. Samla kjøper dei varer og tenester for 430 milliardar kroner årleg.

Ny lov
-Forslaget om lov om offentlege innkjøp tilseier at berre verksemder som har lærlingar vil få tildelt offentlege oppdrag, seier næringsminister Monica Mæland.

Næringsminister  tok opp det planlagte lovforslaget under dialogmøtet med næringsliv og politikarar på Sotra og Øygarden i dag. Lova kom opp i svaret til dagleg leiar Grethe Bjorøy i opplæringskontoret L2L om kva Regjeringa planlegg å gjera for å stimulera den lokale verkstadindustrien til å ta inn lærlingar i ei tid med oppseiingar og permisjonar.

Må halda døra open
Gründerverksemder, eller andre verksemder med liten omsetnad, har ikkje føresetnadar til å ta inn lærlingar. For dei kan oppdrag for det offentlege i einskilde tilfelle utgjera eit vera eller ikkje vera. Det er difor viktig at denne døra ikkje utilsikta vert stengd som følgje av lovforslag som eigentleg er meint å stimulera tiltak for andre grupper.

Dette er særleg viktig i ei tid der mange oppsagte vel, eller ser seg tvungne, til å starta for seg sjølv.

Spørsmål frå Tunnelsyn
Har Regjeringa planar om å gjera unntak for gründerverksemder, eller for verksemder under ei viss inntektsgrense, spurte Tunnelsyn næringsministeren.

Prioriterer lærlingane
– Dette er eit eksempel på ei vanskeleg avveging av ulike interesser. Vi må prioritera, og har valt å prioritera lærlingeverksemdene, svara Mæland.

Forskriftene?
Lovforslaget har vore grundig drøfta med dei store aktørane NHO og LO. Det er difor ikkje er råd å gjera unntak for gründerverksemder no, sa næringsministeren.

Mæland haldt likevel døra open for å vurdera å gjera unntak frå kravet i forskriftene.

 

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s