– Eg burde ikkje ha brukt orda «lite konstruktiv»

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden måtte gå ein ekstrarunde etter folkemøtet på Tjeldstø. Der beklaga han å ha kalla namngjevne meiningsmotstandarar ”lite konstruktive”.

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden avviser at det var meiningsmotstandarane han karakteriserte som lite konstruktive.
Ordførar Børge Haugetun i Øygarden avviser at det var meiningsmotstandarane han karakteriserte som lite konstruktive.

I etterkant av møtet hadde Haugetun ein lengre prat med dei to der han beklaga å brukt orda ”lite konstruktive”.

-Det var ikkje meiningane eg kalla lite konstruktive, men det at perspektivet deira var lokalpolitisk usemje framfor kommunereforma, skriv Haugetun i ein epost til Tunnelsyn.

Les omtalen av folkemøtet på Tjeldstø

-Eg vedgjekk at det skulle eg ikkje ha sagt. Sjølv om eg fekk uttalt støtte frå fleire for utsagnet etter møtet, endrar ikkje det mi oppfatning om at det skulle ha vore usagt, oppsummerer ordføraren i Øygarden i etterpåklokskapens lys.

Haugetun hevdar at begge dei to tidlegare politiske aktørane er positive til kommunereforma. Dei brukte berre mykje av tida på innlegga sine til å ta opp att gamle lokalpolitiske feidar.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s