Inviterer til hagekonsert

I juni, når 1500 rhododendron står i full blomst, inviterer Randi og Harald Kårtveit til hagekonsert med omvising i finaste hagen på Sotra.

Her skal det verta hageamfi, viser Harald Kårtveit. Betongbilen har akkurat vore og støypt sålen til den overbygde scena.
Her skal det verta hageamfi, viser Harald Kårtveit. Prosjektet er i rute. Betongbilen har akkurat vore og støypt sålen til den overbygde scena.

Medan hageelskarar flest er mest opptekne av å raka lauv og vissent gras, er eit hageamfi med overbygd scene siste prosjektet til den rhododendron-elskande familien på Kårtveit.

Les om rhododendron-familien på Kårtveit

5. juni skal det stå klart til å ta mot 200 – 300 gjestar.

Tradisjon
– Dette vert femte gongen vi inviterer til konsert i hagen. Sist kom det over 200 personar og tilbakemeldingane har vore veldig oppmuntrande. Vi satsar difor på å gjera dette til ein fast tradisjon, seier Randi Kårtveit.

Fin musikalsk blanding
Musikalsk lovar ho ei fin blanding. Heile programmet er enno ikkje klart. Så langt har Kårtveit inngått avtale med Algrøy Blandakor med Olav Ulveseth som dirigent, Johan Toska vil spela gitar og syngja og Helge Stokke har lova å spela fiolin. Fana Kammerkor sender 4 ramsalte karar og Jon Aadland frå Sund vil syngja.

Kakebakst
Konserten vert arrangert i samarbeid med Sotra hagelag og Folkeakademiet. Damene i hagelaget har alt byrja planleggja kakebaksten.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s