Rhododendron-familien på Kårtveit

Jobben er hobby og hobbyen er hage for Randi og Harald Kårtveit. Saman har dei svinga tryllestaven og forvandla 25 mål av det furete Sotralandskapet til ein frodig besøkshage med 1500 rhododendron.

Oreodoxa Fragesii er tidlegaste rhododendronen i hagen til Harald og Randi Kårtveit. I midten av april står han i full blomst.
Oreodoxa Fragesii er ein av dei tidlegaste rhododendronen i hagen til Harald og Randi Kårtveit. I midten av april står han i full blomst.

Harald Kårtveit er utdanna gartnar og mangeårig leiar for Norsk Rhododendron-foreining. Heime på Kårtveit har han og kona Randi laga ein besøkshage som kombinerer ekte lidenskap med fagmannen sin yrkesstolthet.

Tunnelsyn har vore så heldig å få omvising i ein eineståande hage skapt av ein nasjonal autoritet på rhododendron.

Frå Himalaya
Rhododendron er – tru det eller la være – ei slekt i lyngfamilien. Dei fleste ville førekomstane finn vi i Asia, i Himalaya, Nepal og Kina. Slekta har tallause artar og sortar, som varierer i fargar frå kvitt, via gult og raudt, til blått. Storleiken kan variera frå knehøge buskar til 30 meter høge tre.

300 – 400 sortar

Randi Kårtveit beundrar hybriden April Snow.
Randi Kårtveit beundrar hybriden April Snow.

På Kårtveit kan du sjå og samanlikna 300 – 400 ulike sortar. Totalt kring 1.500 buskar i nær sagt alle fargar og storleikar.

Undra deg gjerne over dei store skilnadane i bladverket. Medan azalea-artane gjerne har bladverk som kattungeører, kan andre artar ha blad som grove fiskarnevar. Nokre sortar blømer på berr kvist. Hos andre er bladverket dekorativt i seg sjølv, utanom bløminga.

Benkar er plasserte på høvelege stadar i hagen. Sitkagran gjev le til Harald sitt "utekontor", omgjeve av vårlyng og rhododendron Precox som blømer på berr kvist.
Benkar utplasserte på høvelege stadar freistar til ein pause. Sitkagran gjev le for vestavinden til Harald sitt «utekontor», omgjeve av vårlyng og rhododendron Precox som blømer på berr kvist.

Mange av sortane har Kårtveit tinga frå utanlandske katalogar. I Skottland særleg, finn han mykje som freistar.

Mars til august
På ein aprildag der haglebygene titt og ofte avbryt sola sitt strålande smil, utgjer vårlyng og primula største fargeprakta i hagen på Kårtveit. Men innimellom glimtar det til i raudt og rosa i det frodiggrøne bladverket. Ein lovnad om fargeprakta som snart skal utfalda seg, og som vil vera på sitt aller finaste tidleg i juni.

Teoretisk kan rhododendrongsesongen strekkja seg frå februar til langt utpå hausten. På Kårtveit er sesongen noko kortare.

– Lys rosa Oreodoxa Fargesii er ein av dei første ut. Har vinteren vore lagleg, kan vi sjå dei første blomane tidleg i mars. I august har dei fleste rhododendroane blomstra ferdig, men då overtek andre planteslag, fortel hageeigaren.

Sårbare blomar
Rhododendron er ein robust busk, som stortrivest i vått vestlandsklima. Når Kårtveit ikkje har trekt rhododendronsesongen lenger, er det avdi dei tidlege blomane er sårbare for frost. Knoppane derimot, toler vanlegvis snø og kulde fint.

Ein spasertur gjennom hagen på denne tida inneber hyppige stopp for å sjekka tilstand og vurdera skader på dei tidlegaste sortane etter haglebygene sine herjingar.

Skap lune rom

Fint oppmurte trapper og hellelagte stiar bind dei ulike delane av hagen saman. Trappa til venstre vert forvandla til "laksetrapp" når dei skrur på vatnet.
Fint oppmurte trapper og hellelagte stiar bind dei ulike delane av hagen saman. Trappa til venstre vert forvandla til «laksetrapp» når dei skrur på vatnet.

På høgaste haugen har Randi og Harald utsikt frå Fedje til Hardanger. Bustadhuset ligg derimot lunt til mellom bergknattane. Etter 35 års innsats har dei omgjort denne delen av eigedomen til ein parkliknande hage.

Stammane til rotvelta sitkagran er veleigna som kantar til nye, oppbygde bed.
Stammane til rotvelta sitkagran er veleigna som kantar til nye, oppbygde bed.

Innimellom alle rhododandroane kan vi finna eit 50-tals ulike tresortar, frå apeskrekk og tulipantre til sitkagran. Trollhassel er eit tre han anbefalar til dei som gjerne vil ha blomar i hagen midtvinters.

Lovprisar sitkagran
– Sitkagrana har fått ufortent mykje kritikk, seier Kårtveit. Rhododendronmannen vågar å tala hylekoret midt i mot. Sitkagran er glimrande dersom ein treng leveggar til å skapa lune rom der andre meir sårbare plantar og buskar kan trivast, meinar han.

Lune rom

Rhododendron er ei slekt i lyngfamilien. Då passar det godt å ha eit godt utvalg av lyngsortar i ein rhododendronhage. Harald Kårtveit føretrekkjer vårlyng framfor haustlyng. Dei låge temperaturane på denne årstida gjer at vårlyngen blømer mykje lengre, seier han.
Rhododendron er ei slekt i lyngfamilien. Då passar det godt å ha eit godt utvalg av lyngsortar i ein rhododendronhage. Harald Kårtveit føretrekkjer vårlyng framfor haustlyng. Dei låge temperaturane på denne årstida gjer at vårlyngen blømer mykje lengre, seier han.

Lune rom er avgjerande for ein vellukka hage i eit forblåst Sotra-landskap. Dei samlar varme og kan gjeva fantastiske vekstvilkår i sommarhalvåret. Risikoen er at dei også kan verta kuldehol på vinteren. Dei aller mest kuldeskjære plantane bør difor ikkje setjast heilt ned på flaten, tilrår den erfarne gartnaren.

Kårtveit plantar gjerne om ein rhododendron fleire gongar før han har funne den optimale vekststaden for akkurat denne sorten.

Rhododendron er ein surjordsplante. Nordvendte skråningar med litt vassig treng ikkje vera nokon minus. Er det altfor bløtt, kan det likevel vera smart å laga ei grøft øvst som kan avleia mesteparten av vatnet, tilrår Kårtveit.

Tenk 20 år fram
Hage er ein livsvarig hobby. Den som satsar på rhododendron kan ikkje ha det travelt.

– Når du vel sortar, må du tenkja 20 år fram, minst. Du må og vurdera kva plass du har. Nokre sortar vil aldri verta høgare enn 50 centimeter og er veleigna i ein liten rekkjehushage. Dei ”raskaste” sortane kan derimot veksa 30 centimeter i året.

Sjå plassen an
For dei som har god plass og som ikkje ønskjer å bruka heile hagetida på å luka og slå plen, kan det vera kjekt å vita at det går an å kle ein heil skråning med glinsande, eviggrøn rhododendron. Føresetnaden er at du passar på å velja sortar med rette eigenskapane.

– Etter 20 år kan den vesle busken du kjøpte i 5-liters potte ha vakse deg over hovudet, seier Kårtveit.

– Har rhododendroen blitt for stor for hagen, er det eindel sortar, men ikkje alle, som toler hardhendt beskjæring, seier gartnaren.

Sjølv om dei begge har gartnarutdanning, delar Randi og Harald oppgåvene mellom seg.

– Eg plantar og Randi beskjærer og stammar opp, smiler Harald. Til tider har han blitt meir enn overraska over kona sin kreativitet med hagesaksa.

Alle hagar bør ha ei elv med ei bru. Denne leiar fram til eit lysthus.
Alle hagar bør ha ei elv med ei bru. Denne leiar fram til eit lysthus.

Teger
Det finst få insekt eller sjukdomar som kan øydeleggja gleda for ein norsk rhododendronelskar. Er du uheldig, kan du likevel oppleva å få angrep av teger eller sopp. Det siste har det blitt meir av dei seinare åra, som følgje av aukande import frå utlandet. Mattilsynet sine stikkontrollar på grensa har ført til at heile trailerlass med rhododendron har måtta destruerast, fortel Kårtveit som åtvarar mot eigenimport utanom godkjende kanalar.

 

Ulike sortar primula bidreg til den tidlege blomsterprakta i hagen.
Ulike sortar primula bidreg til den tidlege blomsterprakta i hagen.

 

Les også:
Inviterer til hagekonsert

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s