Byggjeboomen i vekstkommunane vest for Bergen har resultert i heile 2.800 nye bustadar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy frå 2010 og ut fjoråret. Ein djupdykk i tala antyder om ein bransje i utakt med marknaden sine behov.
Vekstkommunane i vest har verkeleg fått byggjeaktivitetane på skinner dei siste åra, viser SSB sin
statistikk over igangsette og fullførte bustadar.
Hektisk i 2015

Aldri har den lokale byggjebransjen hatt det så travelt som i fjor. Då vart det starta arbeid med 662 bustadar, ein auke på heile 34 prosent samanlikna med året før. Samstundes vart det fullført 560 bustadar, 23 prosent fleire enn i 2014.
Fjell toppar
Aller travlast var det i Fjell. Kommunen stod i fjor for storparten av veksten i talet på nye bustadar i regionen.
Det vart i 2015 fullført 247 nye bustadar i kommunen, samstundes som det vart igangsett arbeid med 353 nye.
Totalt er det fullført 1035 bustadar i Fjell sidan byrjinga på 2010.
Jevn vekst
I Askøy har utviklinga vore meir stabil. I fjor vart det starta arbeid med 208 nye bustadar, to færre enn året før. Berre 182 bustadar vart fullført, ein reduksjon på heile 30 prosent.
Ser vi heile seksårsperioden under eitt, er det likevel fullførte 200 fleire bustadar i Askøy enn i Fjell.
Bustadboble

Siden Tunnelsyn starta overvåkinga av den lokale eigedomsmarknaden, har talet på bustadar til sals i Fjell stige med nærare 50 prosent. Det er for tida 286 bustadar til sals i kommunen.
SSB sine tal over igangsette og fullførte bustadar underbyggjer Tunnelsyn sine påstandar om ei bustadboble i kommunen.
I utakt med marknaden
Ein grafisk presentasjon av talmaterialet viser at kurven over igangsette bustadar i Fjell har stige jamnt og trutt sidan 2010. Kurven over fullførte bustadar avslører derimot store årvisse svingningar, og indikerer at kommunen har problem med å regulera bustadproduksjonen i takt med marknaden sine behov.
Fullførte bustadar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy
2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | Totalt | |
Sund | 59 | 7 | 48 | 65 | 40 | 94 | 313 |
Fjell | 120 | 192 | 140 | 207 | 129 | 247 | 1035 |
Askøy | 223 | 189 | 191 | 185 | 263 | 182 | 1233 |
Øygarden | 50 | 25 | 46 | 37 | 21 | 37 | 216 |
452 | 413 | 425 | 494 | 453 | 560 | 2797 |
1 Comment