I 110 på Bildøy

To trimma bila rasar avgarde over lausgrusen på idrettsbana på Bildøy.

i 110_web
Breie dekk og lavt tyngdepunkt.

Du hører dei lenge før du ser dei. Men så lagar då også radiostyrte bilar langt meir lyd enn ein skulle venta, om vi vurderer ut frå storleiken.

Breie dekk
Breie dekk og lavt tyngdepunkt sørgjer for at bilane sparkar godt frå over lausgrusen. I kveld gjekk det raskare unna på idrettsbanen på Bildøy enn på vegane i kommunen. Toppfarten på dei trimma radiostyrte bilane kan koma opp i 110 kilometer i timen, får eg vita.

Desse to bilane går på batteri. No treng dei kjølast ned. Andre modellar er bensindrivne.

Dyr hobby
Bilane desse karane køyrer er i den øvre prisklassen, kring 9.000 kroner. Ein dyr hobby, men verd prisen, får eg inntrykk av.

Lite miljø
Miljøet for radiostyret bilar på Sotra er lite. Berre Christer Ekerhovd, dei to andre karane eg traff på idrettsplassen på Bildøy i ettermiddag, også eitpar til, får eg vita.

Skal dei konkurrera, må dei ta turen til byd´n. Der er miljøet større.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.