Krev kommunal eigedomshandel kjend ugyldig

Askøy kommune har seld ein kommunal eigedom med ein marknadsverdi tilsvarande over 5 millionar kroner for ein tidel av prisen. Torsdag vil kommunestyrerepresentanten Jann Atle Jensen (Demokratane) ta opp eigedomshandelen som ei varslingssak i kommunestyret.

Hovudkontoret til Isbjørn Is As på Follese.
Hovudkontoret til Isbjørn Is AS på Follese.

I ein lang og svært detaljert interpellasjon til kommunestyret går Jensen gjennom alle detaljane i det han og partiet Demokratane oppfattar som ein ugyldig eigedomshandel. Tunnelsyn har fått innsyn i både interpellasjonen og sentrale dokument som interpellasjonen byggjer på.

Bygde fryselager til Isbjørn Is
Historien byrja nærare 20 år tilbake i tid. Det var i adventstida 1996 at næringsvenlige Askøy kommune påtok seg å byggja fryselager for Isbjørn Is AS i Slettebrekka Industriområde på Follese. Bygginga av det 873 kvadratmeter store fryselageret var det Askøy kommune som stod for. I følgje den tinglyste avtalen var byggekostnaden den gongen rekna til 2.58 millionar kroner før moms.

Tre millionar kroner

Jann Atle Jensen (Demokratane) meinar salet av ein kommunal eigedom til Isbjørn Is AS må gjerast om.
Jann Atle Jensen (Demokratane) meinar salet av ein kommunal eigedom til Isbjørn Is AS må gjerast om.

Askøy kommune kjøpte samstundes den nær to mål store tomten fryselageret skulle byggjast på for 340.000 kroner frå Isbjørn Is.

Avtalen med den lokale hørnesteinsverksemda innebar at Askøy kommune då avtalen vart inngått for 19 år sidan måtte finna dekning på budsjettet for samla investeringar på oppunder tre millionar kroner.

Gjenkjøpsavtale
Isbjørn Is AS skulle deretter leiga tilbake det ferdige bygget til sjølvkost i ti år. Når dei ti åra var omme skulle isprodusenten kunna kjøpa tilbake bygget til ein verdi tilsvarande restlånet på bygget, ifølgje den tinglyste avtalen.

Men det var først i januar i år at Isbjørn Is AS kjøpte tilbake fryselageret og tomten. Med henvisning til den utgåtte gjenkjøpsavtalen, fekk isprodusenten overta heile eigedomen for 510.000 kroner.

Marknadspris
– Gjenkjøpsavtalen vart ikkje oppfylt innan 10-årsfristen. Fryselageret og tomten er dermed kommunal eigedom fri for heftelsar. Verdien kan setjast til marknadspris, argumenterer Jann Atle Jensen i interpellasjonen Demokratane har sendt Askøy kommune i forkant av torsdagens møte i kommunestyret.

Jensen har henta inn pris på kva det kostar å byggja eit tilsvarande fryselager i dag.

– Nypris på bygget i dag vil vera 3,5 millionar. Tomta med fryselager har ein attskaffingsverdi på 5,4 millonar kroner før moms, hevdar Jensen.

Les: – Eigedomshandel var ulovleg næringsstøtte

Kvifor gje vekk verdifull eigedom?
– Kvifor gjev Askøy kommune vekk verdifull eigedom, særleg så lenge dei klagar på dårleg økonomi, spør Jensen.

– Salet inneber at Askøy kommune har tapt eit større beløp enn det vi kan håpa å få inn i eigedomsskatt frå næringslivet i 2016, hevdar Jensen.

Brot på etisk regelverk
I interpellasjonen varslar Demokraten-representanten kommunestyret om at eigedomshandelen er eit brot på kommunen sitt etiske regelverk.

Det var ordførar Terje Mathiassen (A) som underteikna salsavtalen i januar i år på vegne av Askøy kommune, noko Demokratane finn underleg.

Ifølgje kommunen sitt delegasjonsreglement er det rådmannen som skal underteikna salsavtaler til ei verdi lågare enn to millionar kroner. Ordførar skal berre underteikna avtaler der verdien overgår fem millionar kroner. For å kunna inngå slike avtalar er ordføraren likevel avhengig av fullmakt frå kommunestyret. Noko slik fullmakt har kommunestyret i Askøy ikkje gjeve, seier Jensen.

Det at ordførar har signert salsavtalen inneber at kommunen vurderer eigedomen til å ha ein verdi over fem millionar kroner, argumenterer Jensen.

No forventar Jensen at salet vert kjend ugyldig:
– Dersom salget ikke er gyldig, så må det reverseres, skriv Jensen i ein epost til Tunnelsyn.

Tunnelsyn har freista innhenta kommentarar frå rådmann Eystein Venneslan og varaordførar Bård Espelid, utan å få svar.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.