Kristin Harkestad, Are Espedal og Mikael Holth har alle valt å setja seg på skulebenken i godt vaksen alder. Målet er å ta fagbrev.

Kristin Harkestad og Are Espedal har begge jobba mange år i barnehage. No vil dei ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
– Eg treng fagbrev skal eg koma nokon veg her i livet. Eit fagbrev er veldig greit å kunne visa til. Kristin Harkestad, elev på vaksenopplæringa ved Sotra vgs.
Les: Sotra vidaregåande får senter for vaksenopplæring
Viktigare enn erfaring
– Det er kjempegøy å jobbe med barn og ungdom. Men fagbrev er etterkvart blitt viktigare enn erfaring, sjølv for meg som har jobba 16 år i barnehage, har Espedal konstatert.

– Det er viktig at barne- og ungdomsfaget får folk med utdanning og fagbrev, legg han til.
Overskot og hyggelege folk
– Og så er det kjekt å vera her. Treffa hyggelege folk frå andre arbeidsplassar og dela erfaringar, supplerer Harkestad.
– No som ungane er såpass store, byrjar eg få overskot til å ta den utdanninga eg ikkje tok då eg var yngre. Are Espedal, elev på vaksenopplæringa ved Sotra vgs.
Viser vidare
Mikael Holth les logistikk på kvelden. På dagen jobbar han som salsfremmar i ein stor daglegvarebutikk.
-Eit fagbrev vil vera avgjerande for å få jobb i framtida, trur Mikael.
Han har inne nok praksis til å ta fagbrev, og synes ikkje teorien er avskrekkande.
– Eg har fått betre forståing av yrket eg jobbar med. Sjølv om eg kjenner att mykje frå arbeidslivet, vil det alltid vera eindel ting eg ikkje har tenkt over. Å tileigna seg faguttrykka er dessutan ein viktig del av opplæringa. Mikael Holth, elev ved vaksenopplæringa ved Sotra vgs.
Over Sotrabrua
Når Mikael er ferdig med logistikkfaget planlegg han å ta teorien for yrkessjåførar, for å stå sterkare. Det er tross alt yrkessjåfør han har jobba som i mange år.
Trass i dei mange lastebilane som køyrer rundt på Sotra, må Mikael over Sotrabrua skal han kunna ta teorien til fagprøven som yrkessjåfør. Når eit fag ikkje har nok søkjarar til å verta sett på timeplanen på Sotra, viser Marøy Pedersen dei vidare til eitt av dei fire andre vaksenopplæringssentra i Hordaland.
– Skryt av fylkeskommunen som kjører slike opplegg som dette gratis, Are Espedal.
Han får heilhjarta støtte av Kristin Harkestad og Mikael Holth.
1 Comment