Sotra vidaregåande får senter for vaksenopplæring

Tre nye fag står på timeplanen når Sotra vidaregåande frå hausten av får regionalt senter for vaksenopplæring.

Hordaland fylkeskommune samlar frå hausten vaksenopplæringa på fem regonale senter. Sotra vidaregåande får ansvaret for tilbodet i region vest, seier Per Willy Mørk Karlsen i fylkeskommunen til Tunnelsyn.

Krev fagbrev

Sjømat, akvakultur og studiespesialiserande vert nye tilbod når Sotra vidaregåande frå hausten av vert regionalt senter for vaksenopplæring, seier koordinator Kari Marøy Pedersen.
Sjømat, akvakultur og studiespesialiserande vert nye tilbod når Sotra vidaregåande frå hausten av vert regionalt senter for vaksenopplæring, seier koordinator Kari Marøy Pedersen.

– Stadig fleire arbeidsgjevarar krev formell utdanning i form av eit fagbrev. Dei som kan dokumentera kunnskapane sine stiller langt framme i køen om dei ønskjer å byta arbeidsplass, få nye arbeidsoppgåver eller høgare løn. Kari Marøy Pedersen, koordinator for vaksenopplæringa ved Sotra vidaregåande skule, til Tunnelsyn.

Tilpassa arbeidsmarknaden
Senterstatusen inneber ein styrking av opplæringstilbodet. Til hausten vert kurskatalogen utvida med tilbod i sjømat, akvakultur og studiespesialisering, fortel Marøy Pedersen.

– Sjømat og akvakultur er store næringar i regionen. Vi freistar å tilpassa opplæringstilbodet til den lokale arbeidsmarknaden, seier Marøy Pedersen.

Utvida timeplan
Sotra vidaregåande har lange tradisjonar innan vaksenopplæring. Tradisjonelle kvinnefag som helse og omsorg og barne- og ungdomsarbeidarar var lenge nærast einerådande.

Med utvidinga av fagtilbodet til også å omfatta logistikk og reinhald, fekk også mannfolka eit tilbod som passar deira bakgrunn.

Raskaste vegen
Vegen fram til eit fagbrev tek fem år, om du startar med blanke ark. Marøy Pedersen ønskjer å losa sine elevar raskaste vegen til fagbrevet. Difor er det ein fordel om søkjarane har 2 – 3 års erfaring frå yrket.

– Det er tøft å gå gjennom teorien til Vg3 på eitt år. Har dei erfaringa inne veit dei kva dei går til, og vil ha lettare for å nå måla i læreplanen, seier Marøy Pedersen.

Praksisen får elevane skaffa sjølv. Opplæringa føreset at dei går i jobb ved sida av, understrekar koordinatoren.

Les: – Lukke til med eksamen!

Ein kveld i veka
Opplæringa i nokre av yrkesfaga skjer på kveldstid, på Bildøy. Helsefag, sal og studiespesialiserande går på dagtid, på avdelinga i Sund.

Medan teorien til yrkesfaga kan gjerast unna på ein dag i veka, er det å kvalifisera seg til studier på universitet og høgskular såpass krevjande at ein må setja av fire dagar i veka.

Vaksenopplæringa fører fram til ein teoretisk eksamen som privatist. Sjølve fagprøven må den einskilde melda seg opp til etterpå, når dei står med eksamenspapira i handa og kan visa til nok relevant praksis.

Gratis
Vaksenopplæring er eit gratis fylkeskommunalt tilbod til alle som er eldre enn 25 og som av ein eller annan grunn ikkje har nytta seg av retten til treårig vidaregåande opplæring.

På skulebenken på Bildøy finn du folk i alderen 25 til 55. Dei har ulik bakgrunn og forklaringar på kvifor dei ikkje fullførte vidaregåande i ungdomsåra.

– Opplæringa er gratis. Lærebøkene lånar dei på skulen. Til og med oppmeldingsavgifta til privatisteksamen dekkar fylkeskommunen, seier Marøy Pedersen.

Les meir om vaksenopplæringstilbodet ved Sotra vidaregåande

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s