Set Fjell under lupa

Du har kanskje blitt kontakta, du og? Morgondagens planleggjarar er denne veka på feltstudier i Fjell.

Forskar på stadutviklinga i Fjell, fh. Johanne Archer, Yngvild Olsen, Øyvind Simavik Dahl og Erik Teien Andersen.
Forskar på Sotrasambandet og stadutviklinga i Fjell, fh. Johanne Archer, Yngvild Olsen, Øyvind Simavik Dahl og Erik Teien Andersen.

Dei er 53 unge, engasjerte geografistudentar frå Universitetet i Bergen som tek faget regional utvikling dette semesteret. No ønskjer dei å studera kva som skjer når nokon freistar å stabla ein heil by opp av myra så og seia over natta.

Morgondagens planleggjar
Morgondagens planleggjarar ringjer i desse dagar rundt for å få intervjuavtalar med politikarar, næringslivsfolk og andre som kan bidra til å nyansera det offisielle glansbiletet.

Sotra Kystby
Kor sentral er bevaringa av stadsidentiteten i Fjell kommune sitt arbeid med lokal utvikling? Korleis vert den heile nye byen Sotra Kystby i høve til framtidige behov kring bærekraftig utvikling? Kva rolle har offentleg – privat samarbeid hatt? Dette er døme på spørmål som studentane gjerne vil ha svar på.

Mange tilnærmingar
Regional utvikling er eit vidt fag, med mange ulike tilnærmingar. Stadsidentitet og fysisk planlegging, tettstadutvikling, energiomstilling, miljø og forvaltning, entrepenørskap, samferdsel, arealkonflikter og landbruk er tema som studentane ønskjer å vita meir om.

Studentane jobba i små grupper, som kvar tek for seg eitt tema.

Feltarbeidet skjer i samarbeid med Fjell kommune.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s