– Eigedomshandel var ulovleg næringsstøtte

Askøy kommune sitt sal av ein eigedom på Follese til underpris til Isbjørn IS AS kan oppfattast som ulovleg næringstøtte og eit brot på EØS-reglane.

Fekk overta ein kommunal eigedom til ein tidel av marknadspris.
Like før salet til den baltiske meierigiganten Union Food, fekk Isbjørn Is AS overta ein kommunal eigedom til ein tidel av marknadspris.

I mars vart det kjend at hjørnesteinsverksemda Isbjørn IS As på Askøy var seld til det baltiske meieri og iskremkonsernet Food Union, for ein ikkje offentleg sum.

Underpris
Med i handelen følgde eit fryselager på Follese i Askøy. Berre nokre månadar tidlegare hadde Isbjørn Is AS kjøpt det 873 kvadratmeter store fryselageret, med tilhørande tomt, frå Askøy kommune for 510.000 kroner.

Les: Krev kommunal eigedomshandel kjend ugyldig.

– Isbjørn Is AS kjøpte eigedomen til underpris. Marknadspris for kjøp av tilsvarande eigedom ligg truleg kring 5,4 millionar kroner, hevdar kommunestyre-representanten Jann Atle Jensen (Demokratane) som vil ta handelen opp i ein interpellasjon i kommunestyret i dag.

Næringsstøtte
EØS-reglane tilseier at det må nyttast marknadstakst ved direktekjøp av kommunal eigedom dersom eigedomen ikkje har vore utlyst på den opne marknaden.

Hvis salet skjer til underpris, må salet oppfattast som støtte til næringsverksemd. I slike tilfelle får verdien ikkje overstiga 200.000 euro, tilsvarande 1,9 millionar kroner med dagens kronekurs.

Verdsatt til 76 kroner
Isbjørn Is Holding AS er ein av landets største iskremprodusentar. Konsernet nådde eit resultat før skatt på 10,8 millionar kroner i 2014, av ein samla omsetnad på 158,4 millionar.

Bygg, tomtar og annan fast eigedom er i rekneskapen verdsatt til 76 kroner.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.