Nektar å offentleggjera spørsmåla

Ei publisering av spørsmåla i innbyggjar-undersøkinga i forkant kunne ha gjeve dei som vert oppringt eit betre grunnlag for å svara, meinar Aud Karin Oen (SV) i Øygarden. Ordførar Børge Haugetun nektar offentleggjering.

Kjempar for offentleggjering av spørsmåla i innbyggjarundersøkinga, Aud Karin Oen.
Kjempar for offentleggjering av spørsmåla i innbyggjarundersøkinga, Aud Karin Oen.

Siste dagane har SV-representanten i kommunestyret i Øygarden fått fleire henvendingar frå sinte og frustrerte øygardsstrilar som har blitt oppringt i samband med innbyggjarundersøkinga, og som har hatt problem med å forstå kva dei vart spurt om.

Burde ha offentleggjort spørsmåla
-Det hadde vore greit å ha spørsmåla på nettsida, til dømes på http://www.varnyekommune, slik at ein også kunne ha lese dei, skriv Oen i ein epos til Tunnelsyn.

Tre typar kommentarar
Tre kommentarar går att, ifølgje Oen: Det vert nytta ord i undersøkinga som einskilde som ikkje jobbar i kommunen eller deltek i politikken kan ha problem med, til dømes ”infrastruktur”.

Det er veldig mange spørsmål, med mange svaralternativ som det er vanskelege å få oversikt over.

Oppringjaren snakkar så fort at han måtte stoppast fleire gongar, for å gjenta spørsmålet.

Nektar offentleggjering

Ordførar Børge Haugetun nektar offentleggjering med henvising til vanleg praksis ved ordninære spørjeundersøskingar.
Ordførar Børge Haugetun nektar offentleggjering med henvising til vanleg praksis ved ordinære spørjeundersøskingar.

Ordførar Børge Haugetun har kravd at 600, eller ti prosent av øygardsstilane, måtte få uttala seg i det viktige spørsmålet om ei kommunesamanslåing med Fjell og Sund. Det vanlege i ordinære meiningsmålingar er ein prosent.

På henvending frå Oen nektar Haugetun likevel å offentleggjera spørsmåla i innbyggjarundersøkinga:

– Me kan ikkje legge ut spørsmåla, dette er i tråd med malar for slike undersøkingar, seier Haugetun.

Vanleg praksis
Som grunngjeving viser han til at undersøkinga vert utført i tråd med fagstandarden for vitskaplege meiningsundersøkingar.

Spørsmålet frå Tunnelsyn om det er andre ting enn vanleg praksis ved ordinære spørjeundersøkingar som er til hinder for offentleggjering av spørsmåla, har Haugetun ikkje svart på.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s