Rådmann Steinar Nesse fryktar konkursras i Fjell

Fjell har mista 1.000 arbeidsplassar siste året som følgje av krisa i offshorenæringa. Skatteinntektene i første kvartal indikerer eit inntektstap på 30 – 50 millionar kroner for heile året.

Berre siste månaden har arbeidsløysa i kommunen auka med 100 personar, ifølgje rådmann Steinar Nesse i Fjell.

No fryktar rådmannen eit konkursras, fortalde han under dagens orientering for kommunestyret.

– Vi ser at no at mange verksemder slit med å gjera opp for seg, og at dei slit med å betala skatt, sa Nesse.

Reduserte skatteinntekter
Skatteinntektene har blitt langt lavare enn vi hadde trudd under budsjettarbeidet. I dei tre første månadane har svikten i skatteinngangen vore på 3,3 prosent.

-Dette vert ikkje eingongsaffære. Eg fryktar det vil vara 4 – 5 år, åtvara Nesse.

Ingen redningspakke
Staten utjevnar skatteinntektene. Fjell har no falle til 97 prosent av landsgjennomsnitt. Tilskot frå Staten vil jevna ut eindel av skattsvikten. Olje- og gasskommunane er dei som no opplever skattesvikt. Andre kommunar har den veksten dei forventa. Vi kan difor ikkje forventa nokon redningspakke frå Regjeringa, sa Nesse.

Stå aleine
– Fjell må førebu oss på å stå aleine. No må vi jobba med å kutta utgiftene. Vi jobbar med tiltak. Ver klar over at vi står over ei stor utfordring, sa Nesse.

Sekundære konsekvensar
-Krisa i olje- og gassnæringa er ein ting. Eg er meir bekymra for dei sekundære og tertiære konsekvensane oljenedturen vil føra med seg, sa Nesse.

-Vi set no i gang kommunale utbyggingsprosjekt for 300 millionar, lova Nesse.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.