Sandvik og FrP stemte mot bompengar

Eit ektepar som jobbar i Bergen og bur på Sotra riskierer å måtta tena 100.000 kroner, berre for å betala bompengane på Sotrasambandet, dersom dette vert vedteke, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP).

- Sotrasambandet er så viktig at vi bør sleppa betala bompengar, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP).
– Sotrasambandet er så viktig at vi bør sleppa betala bompengar, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP).

– Sotrasambandet er så viktig at staten bør betala heile Sotrasambandet, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP) då kommunestyret i Fjell i dag stemte over prinsipp for bompengar i det framtidige sambandet.

Alternativt forslag
Sandvik la fram eit alternativt forslag til det felles høyringsnotatet for Fjell, Sund, Øygarden og Bergen.

– Vil vi ha Sotrasamband eller vil vi ikkje ha Sotrasamband, spurte Tom Georg Indrevik (H). Han frykta at dersom staten må ta heile rekninga, vil vi koma langt bak i køen.

Prinsippnotatet legg opp til bompengar på den gamle og den nye brua, men at ein skal kunna køyra gratis på vegane på Sotra. Bompengane på bruene skal maksimalt utgjera 45 kroner kvar veg.

Les: Samde i bompengeprinsipp

Usikker statsstøtte
Sotrasambandet er vedteke som eit OPS-prosjekt. Kor mykje vi vil få i statleg støtte er likevel usikkert.

Per dags dato ligg det inne i NTP at staten skal finansiera 2,9 milliardar av sambandet som er kostnadsrekna til oppunder ni milliardar kroner. Det vil innebera bompengar på 100 kroner, ikkje 45 kroner som prinsippnotatet legg opp til. Med to ektefeller som begge jobbar i Bergen, og 220 arbeidsdagar, vil det innebera at dei må tena 100.000 berre for å dekka bompengane, argumenterte FrP-representanten.

Les: Vegdirektøren ville ikkje snakka om økonomien i Sotrasambandet
Vegvesenet kjører i tåka om Sotrasambandet

Realitetsorientering
-Det er inga naturlov at ein må betala bompengar, men prinsippnotatet er eit forsøk på realitetsorientering, sa Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Skogestad er elles tilhengar av at Sandvik ber samferdselsministeren sin om at bompengeandelen skal verta lavast mogeleg.

Etterlyste plan B
– Vi kan vel alle ønskja oss lågast mogeleg bompengar, sa Egil Haaland (A), og etterlyste Sandvik sitt sekundære forslag.

– Hvis Sandvik sitt forslag vert vedteke, får vi ikkje noko nytt Sotrasamband, la Haaland til, og håpa at kommunestyret kunne vera samrøystes.

Betala heile gildet
– Eg støttar forslaget frå rådmannen slik det ligg føre. Til Sandvik vil eg seia at han bør kontakta samferdselsministeren sin. Dersom han vil betala heile gildet, har eg ingenting mot det, sa Olav Kobbeltveit (V).

Forslaget frå Sandvik fekk fire røyster og fall. Formannskapet si innstilling vart vedteken mot fire røyster.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s