Storkontrakt til CCB – trekkjer oppseiiingar

Coast Center Base AS har inngått ein landsdekkjande kontrakt med Statoil om vedlikehald av subsea-utstyr. Mesteparten av arbeidet vil skje på Ågotnes. No trekkjer dei tilbake 11 varsla oppseiingar.

Statusen som nasjonalt knutepunkt for subsea har tilført CCB ein
Behovet for fagfolk som kan teknisk vedlikehald aukar no som CCB AS har inngått rammeavtale med Statoil om demobilisering, lagringsvedlikehald og overhaling av undervassuttyr.

– Ein svært etterlengta avtale, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS i ein kommentar til Tunnelsyn.

Teknisk vedlikehald
– Avtalen sikrar eksisterande arbeidsplassar. Leiiinga ved CCB no valt å trekkja tilbake 11 av nærare 20 varsla oppseiingar, seier Andreassen til Tunnelsyn.

Dei 11 som no får behalda jobben, arbeider hovudsakleg med teknisk vedlikehald.

Landsdekkjande

Fem riggar til kai ved CCB samstundes er historisk i forsyningsbasen sin 40-årige historie, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen.
– Ein etterlengte avtale, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i Coast Center Base AS.

Rammeavtalen omfattar demobilisering, lagrings-vedlikehald og overhaling av subsea-utstyr i Statoil sin portefølje. Mesteparten av arbeidet vil skje på Ågotnes og i Kristiansund, men også Florø og dei andre basane i NorSea Group AS sitt basenett kan verta aktuelle.

Kor stort volum avtalen vil få, er enno ikkje avklart. Andrassen reknar imidlertid med at volumet vil verta betydeleg, særleg ettersom Statoil har opparbeida eit betydeleg etterslep på vedlikehald som følgje av oljekrisa.

Nasjonalt knutepunkt
Statoil har tidlegare utropt CCB og Ågotnes til knutepunkt for subsea-verksemda i Norge.

Oppkjøpet av 67 prosent av logistikkoperatøren Logiteam AS tidlegare i år er med på å byggja opp under og styrka CCB sin kompetanse, understrekar Andreassen.

Les: Styrkjer CCB som subsea-senter

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.