Intervjuarane skal snakka saktare

Intervjuarane som gjennomfører innbyggjarundersøkinga får ikkje snakka så fort at folk ikkje rekk å få med seg spørsmåla. Ordførar Børge Haugetun i Øygarden har teke tilbakemeldinga frå innbyggjarane i Øygarden opp med Opinion.

Det var Aud Karin Oen (SV) som tok opp tilbakemeldinga frå innbyggjarane i Øygarden om at intervjuarane som gjennomfører innbyggjarundersøkinga les opp spørsmåla så raskt at folk ikkje får med seg kva dei vert spurt om.

Har teke vidare
– Me har brakt vidare innspelet om at ikkje alle har fått med seg alt det har vore spurt om grunna for rask opplesing, Dette har me fått tilbakemelding frå opinion om at intervjuleiar tek opp med dei som intervjuar, skriv Haugetun i ein epost til Tunnelsyn.

Les: Nektar å offentleggjera spørsmåla

Lesa spørsmålet på førehand
Gjennomføringa av innbyggjarundersøkjinga vil gå greiare dersom dei oppringte hadde kunna lesa spørsmåla på førehand, meinar Oen. Noko Haugetun har avvist, med henvising til vanleg praksis i ordinære meiningsmålingar.

20. mai
Haugetun avviser at forhandlingsutvalet har lagt føringar for korvidt spørsmåla skal kunna offentleggjerast før undersøkjinga eller ikkje.

– Det ligg ingen føringar frå vår side når det gjeld dette, skriv Haugetun.

No vil både spørsmåla og svara verta lagt fram 20. mai.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s