Prioriterer kollektiv og båt på topp

Betre tilbod om kollektivtransport, over heile øya, er det samferdsletiltaket Askøypolitikarane har høgast på ønskjelista. Fleire båtar og utvida båtrute står på andreplass framfor oppstarten av arbeidet mot Regional Transportplan for Hordaland.

teisten
Snøggbåten mellom Kleppestø og Bergen hadde ein auke i passarsjertalet på 34 prosent i 2015. No jobbar sterke krefter i kommunen for å forlengja rutenettet for båtruta. Foto: Liv Strømme

Det er på tide å byrja planlegginga av Askøyprogrammet, samferdselstiltaka som skal følgja etter Askøypakken, meinar rådmann Eystein Venneslan i Askøy. Etter kommunestyremøtet i går inviterte han politikarane til 10 minutters gruppearbeid for å prioritera samferdsletiltak fram mot 2050.

Båten er populær

Gule lappar markerte politikarane sine prioriteringar.
Gule lappar markerte politikarane sine prioriteringar.

I Askøy er båten framleis eit populært transportmiddel. Askøy kommune fekk nett 500.000 kroner i skjønsmidlar frå fylkesmannen for å greia ut ein bybane på sjø.

Auken i passasjertalet på ekspessbåtsambandet mellom Kleppestø og Bergen viser at sambandet kan styrkjast med ein ekstra båt. Samstundes bør det vurderast korvidt det er passasjergrunnlag for å utvida rutenettet til Ask, Erdal og Strusshavn.

Innfartsparkering
På dei neste plassane på prioriteringslista for arbeidet med Askøyprogrammet set kommunestyret i Askøy innfartsparkering og gang- og sykkelvegar.

Arbeidet med Regional Transportplan for Hordland vil ta til når Nasjonal Transportplan er vedteken av Stortinget våren 2017.

Askøypakken
Askøypakken vart vedteken i Stortinget utan at endelege reguleringsplanar for dei seks vegstrekkjene førelåg. Så langt indikerer dagens bompengeprosjektet ein kostnadssprekk på 700 millioner. Kostnadsprekken kan verta enno større, seier Venneslan til Tunnelsyn.

Venneslan ser for seg at dei to samferdsle-programma delvis vil overlappa kvarandre.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.