Utsette bompengeauke – enno ein gong

Kommunestyret i Askøy sender ordførar og rådmann ut på leit etter alterantive inntektskjelder, før dei vil vurdera å heva bompengane så mykje at dei vil kunna dekka meirkostnadar som følgje av kostnadssprekk og høg elbilandel.

Kommunestyret i Askøy valde i går å utsetja saka om auka bompengar i Askøypakken for andre gong.

Ordførar Terje Mathiassen og rådmann Eyvind Venneslan bør ta opp med Stortinget ordninga med elbilar og lågutsleppsbilar sett i forhald til inntektssvikten i Askøypakken, vedtok kommunestyret.

Rekordmange elbilar
Det var i februar at leiinga i Askøy Bompengeselskap AS varsla om ein inntektssvikt på 17 millionar kroner for første driftsåret. Størstedelen av tapet skuldast dei rekordmange elbilane på vegnettet i kommunen. For å bringa økonomien i balanse foreslo bompengeselskapet å auka takstane i Askøypakken med 25 prosent.

Les: Skrur opp bompengane i Askøypakken
Samrøystes «nei» til bompengeauke

Stortinget har innvilga 420 millionar kroner til Askøypakken. Dei seks veganlegga hadde opphaveleg ei kostnadsramme på 1540 millionar. No oppfordrar kommunestyret ordførar og rådmann om å jobba for å auka den eksterne finansieringa.

Kostnadsprekk på 700 millionar
Samla kostnadssprekk på dei seks vegstrekkjene som ligg inne i Askøypakken er vil utgjera 700 millionar kroner, vart det kjend før jul.

Les: Kan det henda her?

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.