Forsvarar Isbjørn Is-salet, sender saka til formannskapet

Avtalen med Isbjørn Is AS seier ingenting om kva som skjer dersom verksemda ikkje kjøper bygget tilbake innan 10-årsfreisten, hevdar ordførar Terje Mathiassen i Askøy. Kommunestyret visste ikkje kva dei skulle tru, og ba om å få ei sak i formannskapet.

Askøy kommune har forhalde seg som om avtalen framleis gjels, seier ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy.
Askøy kommune har forhalde seg som om avtalen framleis gjeld, seier ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy.

Kommunestyret i Askøy tok interpellasjonen frå varslaren Jann Atle Jensen (Demokratane) med fatning. Dei ville likevel gjerne vita meir om bakgrunnen for det kommunale eigedomssalet til Isbjørn Is AS i januar i år.

Les: Krev kommunal eigedomshandel kjend ugyldig

Som om avtalen framleis gjaldt
Isbjørn Is har ikkje overhalde 10-årsfreisten, men avtalen seier ikkje noko om kva som skjer dersom det ikkje skjer. Partane har i praksis forhalde seg som om kjøpsavtalen framleis gjaldt, framhaldt ordførar Terje Mathiassen (A) i svaret sitt til kommunestyret.

Kontrollutvalet
– EØS-reglementet tilseier at eigedomshandelen var ulovleg næringsstøtte. Saka må behandlast i kontrollutvalet, kravde Jensen då han framførte interpellasjonen i kommunestyresalen torsdag sist veke.

– Les: -Eigedomshandel var ulovleg næringsstøtte

Ny dokumentasjon
– Dei mest interessante dokumenta er ikkje med i interpellasjonen, hevda Jensen og la fram tre epostar mellom kommunen sine sakshandsamarar og Isbjørn Is AS som han meinar støttar hans versjon av historia.

– Epostane viser at ein kommunale sakshandsamar råder selskapet om å venta med å underteikna avtalen, slik at kommunen skal tapa pengar, hevdar Jensen.

Vanskelig å ta stilling
– Det er vanskeleg å ta stilling til kva som har skjedd, utan å ha tilgang til alle underliggjande dokument i saka, medgav Rosalind Fosse (FrP).

FrP-representanten tvilte likevel på om kontrollutvalet var rette instansen i denne samanhangen:

Formannskapet
– Kontrollutvalet er eit sjølvstendig organ som sjølv tek initiativ til kva saker dei skal behandla. Vi kan ikkje instruera dei om å ta opp denne saka. Vi må heller få ei sak i formannskapet, sa Fosse.

Elsa Benjaminsen (A) var samd i at det var vanskeleg å forhalda seg til denne saka, særleg no som Jensen hadde presentert ny informasjon. Etter eit gruppemøte var ho likevel innstilt på å gå for forslaget frå FrP.

– Eg er glad for at Arbeiderpartiet støttar forslaget om å få ei sak i formannskapet. Eg har likevel ingen problem med å støtta Demokratane i at saka bør oversendast til kontrollutvalet. Det er berre kommunestyret som kan henstilla kontrollutvalet om å ta opp saka, svara Fosse.

– Kontrollutvalet kan ta opp denne saka på eiga hand, meinte Benjaminsen.

Forslaget frå Jensen om å oversenda saka til kontrollutvalet fekk ei røyst. Kommunestyret vedtok i staden mot ei røyst å senda saka over til formannskapet

Avtalen
Det var i 1997 at Askøy kommune inngjekk avtale med Isbjørn Is AS om å byggja fryselager for iskremprodusenten. Iskremprodusenten skulle leiga tilbake bygget etter sjølvkostprinsippet, og kjøpa det etter ti år, til ein sum tilsvarande restlånet. Først i januar i år kjøpte Isbjørn Is fryselageret, for 510.000 kroner.

– Avtalevilkåret om gjenkjøp vart brote. Askøy kommune stod fritt til å selja bygget til marknadspris, hevdar Jann Atle Jensen (Demokratane).

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s