Tek Isbjørn Is-salet til ESA

For Jann Atle Jensen (Demokratane) var det kontrollutvalet eller ekstern gransking som var målet med varslinga. No vil han ta Askøy kommune sitt eigedomssal til Isbjørn Is AS vidare til ESA.

 Jann Atle Jensen (Demokratane) vil ta Askøy kommune sitt sal av ein kommunal eigedom opp med ESA, EFTA sitt overvakingsorgan.
Jann Atle Jensen (Demokratane) vil ta Askøy kommune sitt sal av ein kommunal eigedom opp med ESA, EFTA sitt overvakingsorgan.

Jensen er skuffa, men ikkje særleg overraska over kommunestyret i Askøy sitt vedtak om å ta den kontroversielle eigedomsshandelen opp i formannskapet i staden for å la kontrollutvalet vurdera salet.

Les: Forsvarar Isbjørn Is-salet, sender saka til formannskapet

– EØS-avtalen er ein del av norsk lov som vi er nøydd til å forhalda oss til. Vi ønskjer å få eigedomssalet vurdert opp mot EØS-reglane om ulovleg næringsstøtte, seier Jensen til Tunnelsyn.no.

Les: – Eigedomshandel var ulovleg næringsstøtte

Mange vinklingar
Jensen og Demokratane meiner denne saka har mange vinklingar.

– Sjølv om Askøy kommune har forhalde seg som om kjøpsavtalen framleis gjeld, er det uansett ikkje til å koma forbi at Isbjørn Is ikkje har betalt for tomten, hevdar Jensen.

ESA
ESA er EFTA sitt overvakingsorgan. Organet har som hovudoppgåve å sørgja for at dei reglar og plikter Norge har påteke oss som følgje av EØS-avtalen vert gjennomført.

Les: Krev kommunal eigedomshandel kjend ugyldig

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s