Fylkeskonservatoren: – Kulturminnefagleg bygningsekspertise bør vurdera Borgstovo

Borgstovo på Fjell prestegard har høg lokal kulturminneverdi som del av kyrkjestaden, og bør takast vare på, konkluderer fylkeskonservator David Aasen Sandved i ein uttale til rivingssøknaden frå Opplysningsvesenets Fond (OVF).

I kjølvatnet av det aborterte restaureringsprosjektt sist haust har Borgstova stått utan takpanner, vestvegg og vindauge denne vinteren.
I kjølvatnet av det aborterte restaureringsprosjektet sist haust har Borgstova stått utan takpanner, vestvegg og vindauge denne vinteren.

Borgstovo på Fjell prestegard har stått til nedfalls eindel år. Eit forsøk på restaurering i fjor haust avslørte at tilstanden på bygget var vesentleg verre enn ein hadde anteke, mellom anna er berande konstruksjonar angripne av råte og sopp.

Ekstern ekspertise
Kommunen bør henta inn ein kulturminnefagleg ekspert som kan vurdera den bygningstekniske standarden, for å undersøkja om Borgstovo kan takast vare på, tilrår fylkeskonservatoren.

Lokale eldsjelar

Det svungne mønet viser at Borgstovo har vore eit stasbygg. Her er John Kjell Fjeld og Ole Konrad Ekerhovd på befaring tidleg i vår.
Det svungne mønet avslører at Borgstovo har vore eit stasbygg. Her er John Kjell Fjeld og Ole Konrad Ekerhovd på befaring tidleg i fjor vår.

Tunnelsyn har fleire gongar tidlegare skrive om Borgstovo på Fjell prestegard og lokale eldsjelar sin kamp for å bevara bygget. Fjell Kulturminnelag og Eldrerådet er mellom dei som har engasjert seg i håp om å finna ei varig løysing.

Les: – Det hastar med å reparera Borgstovo

På feil grunnlag
Det er Opplysningsvesenets Fond (OVF) som eig prestegarden. Som følgje av den avdekka bygningstekniske tilstanden søkte, og fekk, OVF tidlegare i vinter løyve til å riva Borgstovo.

Les: Fylkeskonservatoren får siste ordet om Borgstovo

– Rivingsløyvet vart gjeve på feil grunnlag. Feilen ligg ikkje i kommunen, men i ein av dei eksterne SEFRAK-basane vi nyttar i saksbehandlinga, skriv kultursjef Lennart Fjell i ein epost til Tunnelsyn.

-Får ikkje stå til skamme
– Borgstovo får ikkje stå til skamme, sa prestegardsinspektør Gunnar Birkeland i OVF til Tunnelsyn då vi tok opp saka sist haust.

Les: – Borgstovo får ikkje stå til skamme

Borgstova som vart reist på 1870-talet, er bygd av materialar frå vesentleg eldre bygg som tidlegare stod på prestegarden, ifølgje John Kjell Fjeld.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s