Klar for innspurt om Sotrasambandet

Krava til tryggleik og beredskap i Sotrasambandet vert oppretthaldne i forslaget til endeleg reguleringsplan.

Slik tenkjer Statens vegvesen seg at fyllinga over Arefjordspollen vil sjå ut, sett frå nord. Dagens R555 bakerst.
Slik tenkjer Statens vegvesen seg at fyllinga over Arefjordspollen vil sjå ut, sett frå nord. Dagens R555 bakerst.

Formannskapet i Fjell er klar til å ta fatt på sluttbehandlinga av reguleringsplanen for Sotrasambandet. Målet er å få vedteke den endelege reguleringsplanen før sommaren.

Kuttliste
Sotrasambandet er kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner. For å kutta kostnadar samanlikna med det opphavelege planforslaget, har Statens vegvesen utarbeida ei liste med 12 innsparingstiltak kostnadsrekna til totalt 500 millionar kroner.

Dei føreslegne tiltaka gjekk i hovudtrekk ut over tryggleiken for mjuke trafikkantar, beredskap i tilfelle ulukker og miljø.

Les: Sotrasambandet: Føreslår kutt i tryggleik, beredskap og miljø

Opprettheld krav
Endringane i framlegget til endeleg plan er små, samanlikna med det planframlegget som vart overlevert for eitt år sidan. Krava til tryggleik og beredskap vert oppretthaldne i den endelege planen.

Fylling over Arefjordspollen
Berre eit av kuttforslaga er innarbeida i det endelege planforslaget:

Dei to føreslegne bruene over Arefjordspollen er forkorta og erstatta med lang fylling og kulvert. Eit tiltak Statens vegvesen lenge var usikre på om lot seg gjennomføra av miljømessige omsyn.

Overskotsmassar
Utsprenging av dei mange tunnelane i sambandet vil generera kring 1000.000 kubikkmeter overskotsmasse. Ved å erstatta bruene over Arefjordspollen med lang fylling vil ein kunna få avsetnad på 300.000 kubikkmeter stein, ifølgje Statens vegvesen.

Spara 40 – 50 millionar
Bru er dyrare enn fylling. I nye reknestykke anslår Statens vegvesen at det vil vera mogeleg å spara 40- 50 millionar kroner på å erstatta dei to bruene med fylling.

Flytta mudder
Botnen i Arefjordspollen er dekka av eit inntil 14 meter djupt lag med mudder. Kring 135.000 kubikkmeter muddermasse må fjernast før fyllinga kan leggjast. Mudderet skal flyttast lenger inn i pollen, ifølgje planforslaget.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s