Nebbiolos døtre

Barolo er toppdistriktet i Italiensk vin. Chiara Boschis er førstedama i kvalitetsrevolusjonen som har prega området sidan 1970-talet.

På snarvisitt i Bergen. fv Chiara Boschis og Claudia Cigliuti.
På snarvisitt i Bergen. fv Chiara Boschis og Claudia Cigliuti.

Tunnelsyn hadde nyleg gleda av å møta to generasjonar feminine italienske vinmakarar frå Piemonte på snarbesøk i Bergen.

Topprodusentar
Chiara Boschis er overhovud for E. Pira E Figuli i hjarta av Barolo, og den som leiar an i samtalen. Claudia Cigliuti er marknadsansvarleg hos F.illi Cigliuti i nabodistriktet Barbaresco. Begge eig sentrale vinmarkar i hjarta av dei verdsberømte vindistrikta, og begge hevdar seg heilt i toppen av den maskuline vinbransjen i heimlandet.

Barolo-landskap.
Barolo-landskap som viser teigdelinga mellom dei ulike vinmarkane.

Saman med den næraste familien og ei handfull innleigde arbeidarar lever dei godt av vinmarkar på 7 – 8 mål. At gardane attpåtil er inndelte i eit teigblandingssystem som norske bønder forlot med utskiftinga tidleg på 1900-talet, har ikkje vore noko hinder. Kvar for seg produser dei årleg kring 30.000 flasker vin.

Revolusjon
Chiara Boschis er ektefødd dotter av kvalitetsrevolusjonen som har prega Piemonte sidan 1970-talet, og som har ført Barolo tilbake til toppen i den internasjonale vinverda.

– Som einaste jente, fekk eg raskt status som maskot. Eg fekk mange gode råd, men eg måtte jobba mykje meir enn mennene for å få respekt, oppsummere ho ein lang karriere i ein konkurranseprega bransje.

Snudde fråflyttinga
– Jordbruksdistrikta i Nord-Italia var i ferd med å avfolkast. Kvinnene særleg, flokka til byane. Dei ville ikkje delta i det harde arbeidet på fattigslege små gardsbruk. I dag er situasjonen snudd, smiler Boschis.

I dag er ho førebilete, ikkje berre for andre kvinner som søkjer seg til vinbransjen, men også for mannlege vinmakarar.

Tradisjon vs modernisme

Vinproduksjon i Piemonte er familiedriven. Er er Claudia Cigliuti (th) saman med pappa Renato og søstera Silvia.
Mykje av vinproduksjonen i Piemonte er familiedriven. Er er Claudia Cigliuti (th) saman med pappa Renato og søstera Silvia.

Diskusjonen mellom tradisjonelle og modernistiske vinmakarar bølgja heftig gjennom fleire tiår. Dei unge ville gjerne prøva ut nye metodar. Dei ville laga vinar med meir druepreg, lagra på mindre fat med tydelegare eikepreg, og kortare lagring. Framfor alt ville dei redusera avlingane for å auka kvaliteten på druene. Det siste var det som var verst i forstå, i ei etterkrigstid der kvantitet var målet for all matproduksjon, seier Boschis.

-Ja, det var ein revolusjon, men det var ein kvalitetsrevolusjon. No er striden lagt til side og alle konsentrerer seg om å laga vin med høgast mogeleg kvalitet, seier Boschis.

… men med måte
Om det var ein revolusjon, skjedde han likevel innan visse grenser. Nebbiolo-drua har gjennom hundreåra vore ryggraden i vinproduksjonen i Piemonte. Vinens konge. Nebbiolo er dei druene som best reflekterer jordsmonn og klima i Barolo. Å riva opp gamle nebbiolo-vinstokkar og erstatta dei med cabernet, slik det skjedde mange andre stadar, var utenkjeleg, forsikrar Boschis.

Både E. Pira E. Figuli og F.Illi Cigliuti har valt å vera trufaste mot Nebbiolo, Barbera og Dolcetto. Druer som gjev ein fruktig, men balansert og lagringsdyktig vin.

I dag driv dei begge etter økologiske prinsipp. Dei bur i vinmarkane sine. Å nytta sprøytemiddel og kunstige tilsetjingsstoff ville vera utenkjeleg, forsikrar dei.

Lengre lagring

Baroloen som Chara Boschis produserer vert først lagra i to år på små eikefat. Heretter vil dei også lagra eindel av kvar årgang med tanke på seinare sal.
Baroloen som Chara Boschis produserer vert først lagra i to år på små franske eikefat. Heretter vil dei også lagra eindel av kvar årgang med tanke på seinare sal.

Nebbiolo er ei drue med høgt innhald av både syre og tanninar. Ein vin som kan utvikla seg over tid og som toler lagring, må også ivareta fruktightene, røpar Boschis oppskrifta for kvifor nettopp hennar vinar får toppkarakter hos internasjonale autoritetar.

Begrensa lagringsplass er mange vinprodusentar sin hovudverk. Dei har verken plass eller kapital til å lagra vinane så lenge som dei kan hende burde, med tanke på å få fram den optimale balansen mellom fruktighet og syre, struktur og tanninar.

Lagringsplass har heller ikkje grossistar eller importørar. Resultatet er at unge vinar ofte vert sluppe på marknaden før dei er heilt drikkeklare. Det har dei italienske damene bestemt seg for å gjera noko med.

– Vi kan gjerne lagra vinane for dei, smiler Claudia Cigliuti.

Vertikal smaking
Frå å selja ut heile årgangane straks han er klar, har dei byrja halde tilbake eindel flasker frå kvar årgang i eigen kjellar.

– Ingen årgangar er like. Heldige vinelskarar som besøkjer oss heime, kan få oppleva ein vertikal smaking, lovar Chiara Boschis.

Med seg seg i kofferten til Bergen hadde Chiara Boschis eit parti av 2005-årgangen av toppvinen Barolo Cannubi som viser korleis modne nebbiolodruer kan vera på sitt aller beste.

Vinane – F.lli Cigliuti
4461501 Barbera d`Alba Serraboella 2013, 256,-
Enkeltvinmark Serraboella, spontanfermentert på ståltank, 18 månadar på brukte franske eikefat, lys raudbrun farge, moreller og raude bær, krydder.

4970001 Cigliuti Barbaresco Serraboella 2012, 479,-
blomstrete, kraftig, fiolar og raude bær, velbalansert.

8010901 Cigliuti Vie Erte Barbaresco 2012, 359,-
Djup raudbrun, intens aroma med moreller og raude bær, antydning til rosiner, krydder og noko animalsk.

E. Pira e Figli – (Desse vinane må du på spesialpol for å få tak i)

Barolo Via Nouva, 2011, 652,-
To år på nye eikefat, to år på flaske. Rubinraud, intens aroma av tørka blomar, krydder og raude frukter, aning av mandlar og sitrus. Tørr, velbalansert og fløyelsaktig, antydning til fiolar, tjøre og vanilje. Bør luftast for å få ei optimal smaksoppleving.

Passar godt til raudt, steikt kjøt, modne ostar, men kan også nytast aleine.

Barolo Cannubi 2011, 647,-
Enkeltvinmark med gamle vinstokkar, lagra 24 månadar på små eikefat og like lenge på flaske.

Lys rubinraud med svakt oransje skjær. Modne raude frukter, blomar, krydder med ei antydning av mynte og ecalyptus i aromaen. Tørr, robust og fløyelsaktig med antydning til fiolar, tjøre og vanilje. Strukturert og velbalansert med lang ettersmak.

Passar til vilt, steikt kjøt og modne ostar. Toler godt å drikkast aleine

Barolo Cannubi 2005, 549,-
Enkeltvinmark med gamle vinstokkar, lagra 24 månadar på små eikefat.

Lys organgeraud, Godt integrert frukt, velbalansert. Ein kompleks vin med aroma av raude bær og vanilje, skog og sopp.

Ein vin til å meditera over.

3 Comments

  1. I would like to tank you so much for the great article! It has been a pleasure to share our story of life with you and your readers. I belive only when you see with your eyes the beauty of the Langa Hills you understand completely the quality of the wines!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s