– Vent med nye, store planarbeid

Fjell bør venta med nye, store planarbeid til det vert klart om det vert ei kommunesamanslåing eller ikkje, tilrår rådmann Steinar Nesse.

Berre tre store planarbeid bør få grønt lys i denne rulleringa av planstrategien for Fjell, for 2016 – 2019, tilrår rådmannen i innstillinga til Komite for drift neste veke.

Kommunedelplan for trafikksikring, kommunedelplan for klima, miljø og energi, og plan for kulturminne er så viktige at planarbeidet bør starta umiddelbart. Desse planarbeida vil heller ikkje i særleg grad verta endra som følgje av ei kommunesamanslåing.

Todelt argumentasjon
– Ein ny kommune vil generera nye planbehov, og behov for å skapa ein felles identitet i den nye kommunen, grunngjev rådmannen den tilbakelente haldninga til nye planarbeid.

Til hausten
Ein planstrategi er ein overordna plan for legg føringar for kva planarbeid kommunen skal påta seg i perioden.

Planstrategien skal rullerast årleg, og skal opp att til ny behandling alt i haust i samband med budsjettet for 2017. Då vil ein vita meir om planbehovet framover, argumenterer rådmannen.

Kostnadskrevjande
Planprosessar er dessutan kostnadskrevjande. Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel kosta til dømes fem millionar kroner over ein treårsperiode. Størsteparten av beløpet, 3,2 millionar, gjekk til administrative lønsutgifter. Eksterne rapportar, som konsekvensutreiingar og ROS-analyser, kom på 800.000. Her har ein fått 200.000 i tilskot frå Riksantikvaren og fylkesmannen i Hordaland. Godgjersla til 37 politiske arbeidsmøte kom på 500.000.

Tre merknadar
Komite for drift drøfta framlegget til planstrategi i marsmøtet. I den påfølgjande høyringa har det kome inn tre merknadar:

Foldnes
Grunneigarane på Foldnes ser helst at arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litle Sotra vert starta umiddelbart, slik den nyleg vedtekne arealplanen legg opp til. Slik det no er, er det i praksis dele- og byggjeforbod i området, hevdar dei.

I vedtekne planar, eller planar under arbeid, er det rom for å byggja 60 nye bustadar i Foldnes. Ytterlegare 40 er eller vert planlagt på Våge og Anglevik, svarar rådmannen.

Problemområde
Bjorøy- og Tyssøy velforeining ser behov for å utdjupa ei rekkje problemområde i kjølvatnet av folkeveksten i kommunen.

Arbeidsutvalet i samhandlingsteamet peikar på at det er behov for ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Ingen av forslaga har passert nålauga hos rådmannen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.