Bustadmarknaden i fritt fall

Sidan toppen i tredje kvartal i fjor har talet på omsette bustadar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden falle dramatisk. Fjell har kome best frå det.

Straumehagen vart lagt ut på marknaden våren 2014. Framleis er 14 av dei 43 leilighetane uselde.
Straumehagen vart lagt ut på marknaden våren 2014. Framleis er 14 av dei 43 leilighetane uselde.

Bustadmarknadane i dei fire kommunane vest for Bergen føl kvarandre. Trass i at tilbodet i Fjell siste året har vore langt høgare enn i Askøy, er det i Askøy det vanlegvis vert seld flest bustadar, og det er her verdien på dei omsette bustadane er høgast, ifølgje SSB sin statistikk over omsette bustadar.

Les: Bustadproduksjon på skinner

Verdireduksjon på 41 prosent
Mest dramatisk har utviklinga vore i Askøy. I første kvartal i år var det 107 bustadar i Askøy som skifta eigar. Det er 35 prosent færre enn i tredje kvartal i fjor.

Den samla verdien på dei omsette bustadane var på 324 millionar kroner. Til samanlikning hadde bustadmarknaden i kommunen i haustmånadane i fjor ein samla verdi på heile 550 millionar.

Flest i Fjell

Bustadmarknaden i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden i perioden 1. kvartal 2013 til og med 1. kvartal 2016, målt i talet på selde einingar.
Bustadmarknaden i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden i perioden 1. kvartal 2013 til og med 1. kvartal 2016, målt i talet på selde einingar. Reduksjonen i Askøy har vore vesentleg større enn i Fjell.

Unntaksvis hender det at Fjell toppar salsstatistikken. Det skjedde i første kvartal i år. Då vart det seld to fleire bustadar i Fjell enn i Askøy. Men også her merkjer forhandlarane fallet i marknaden godt. Samanlikna med tredje kvartal i fjor vart det seld 25 færre bustadar, ein nedgang på 18,5 prosent.

Dei 109 omsette bustadane i Fjell hadde ein samla verdi på 353 millionar kroner. Det er 102 millionar mindre enn i haustmånadane i fjor. Ein verdireduksjon på 22 prosent.

Halvert marknad

Totalverdien av samtlege omsette bustadar, frå 1. kvartal 2013 til og med 1. kvartal 2016.
Totalverdien av samtlege omsette bustadar, frå 1. kvartal 2013, til og med 1. kvartal 2016. Bustadmarknaden i Askøy har no lågare totalverdi enn marknaden i Fjell.

Tydelegast, målt i prosent, er utviklinga likevel i Sund og Øygarden. Her er bustadmarknaden tilnærma halvert samanlikna med dei travle haustmånadane i fjor.

I kvar av kommunane var det 17 bustadar som skifta eigar i første kvartal. Målt i prosent er det ein reduksjon på henhaldsvis 47 og 48,5 prosent samanlikna med tredje kvartal i fjor.

Oppretthalde prisnivå
Reduksjonen i talet på selde bustadar i Sund og Øygarden er mindre enn fallet i marknadsverdi. Noko som indikerer at seljarane likevel har klart å oppretthalda, eller endatil auka, prisnivået på dei selde bustadane.

Største verdireduksjonen målt i prosent hadde bustadmarknaden i Sund. Her hadde dei omsatte bustadane ein samla verdi på 46,9 millionar, 44,5 prosent lågare enn i haustmånadane i fjor.

Bustadmarknaden i Øygarden hadde i første kvartal ein samla verdi på 42,2 millionar kroner, 41,6 prosent lågare enn i tredje kvartal.

Kvartalsvise svingningar
Bustadmarknaden varierer frå kvartal til kvartal. Også om vi samanliknar første kvartal i år med første kvartal i fjor, er den negative utviklinga tydeleg. Også her er det Askøy som kjem merkbart verst ut, med 34 færre selde einingar, og ein samla verdireduksjon på 150 millionar kroner.

Øygarden er einaste kommunen som kjem ut på plussida. Trass to færre selde bustadar i første kvartal i år, auka verdien på dei selde bustadane med 1,1 millionar kroner samanlikna med første kvartal i fjor.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s