Ågotnes – det fleksible og mest miljøvenlege havnealternativet

CCB og Ågotnes har kapasitet til å avlasta Bergen indre havn med over 2000 – 3000 skipsanløp årleg. Berre mindre investeringar må til før CCB kan takast i bruk som ny havn for Bergensområdet.

Vil gjera CCB om til godshavn for Bergensområdet.
Her på CCB vil Fjell kommune ha ny godshavn for Bergensområdet.

Konseptvalutgreiinga for ny godsterminal i Bergensområdet undervurderer CCB og Ågotnes som eit aktuelt havnealternativ, hevdar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell.

Få med deg presentasjonsvideoen

Jernbaneverket som står som utbyggjar, ønskjer primært ei felles terminalløysing for både skip og jernbane. Ågotnes vert vurdert som eitt av tre alternativ for ei delt løysing.

Les: Jernbaneverket sine vurderingar av alternativa

Søkjelys

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell jobbar mot eit felles mål. CCB som alternativ plassering av ei ny godshavn i Bergensområdet må framhevast.
Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell jobbar mot eit felles mål. CCB må framehvast som det mest gunstige stadvalet for plasering av ei ny godshavn i Bergensområdet.

For å setja søkjelys på Ågotnes-alternativet, kalla Fjell kommune i dag inn til pressekonferanse saman med administrerande direktør Kurt Rune Andreassen på CCB. Her lanserte dei det dei karakteriserer som det raskaste, rimelegaste og mest miljøvenlege alternativet for plassering av ny godshavn i Bergensområdet.

Gjenbruk av havneareal
Då Statoil flytta forsyningsbasen frå Ågotnes til Mongstad for eitt år sidan, fekk CCB frigjort store havneareal. Det er desse som ligg klare til å gjenbrukast som ny godshavn i Bergensområdet, ifølgje Andreassen.

Les: Klar til å avlaste Bergen havn

CCB har i dag tilrettelagt for 7000 kvadratmeter industri- og kaianlegg. I tillegg kan dei med små investeringar utvida med 1000 kvadratmeter kaifront og roro-anlegg.

– Det samla investeringsbehovet på CCB vil koma på eitpar hundre millionar, reknar Andreassen.

Miljøvenleg
– På Ågotnes kan dei naudsynte havnefasilitetane for Bergensområdet tilretteleggjast med eit minimum av miljøinngrep. CCB-alternativet vil klart vera den mest miljøvenlege løysinga på Bergen sine utfordringar når det gjeld å finna areal for ny godshavn, hevdar Sandahl Bjorøy og Indrevik.

Frigjera Dokken til bustad
Bergen er ivrig etter å få frigjort det noverande havneområdet på Dokken til bustad. Ågotnes ligg klar til å ta mot havneaktivitetane etterkvart som byutviklinga på Dokken treng meir plass, sa Bjorøy.

– Investeringsbehovet har vil vera tiandedelen av kva det vil kosta å byggja ut dei andre stadane, supplerte Indrevik.

Fleksibelt alternativ
– Å flytta havneaktivitetane frå Bergen indre havn og ut til Ågotnes vil vera den mest fleksible løysinga. Flyttinga kan skje i ein eingong, eller den kan gjennomførast gradvis etterkvart som behovet for å få frigjort areal i Bergen tilseier det, seier Andreassen.

Kapasitet
På det travlaste nokre år tilbake hadde CCB mellom 2000 og 3000 skipsanløp i året. I dag er det langt rolegare på basen, men anlegga har kapasitet til å kunna ta mot like mange skipsanløp i framtida, sa Andreassen til Tunnelsyn.

– CCB har ein kapasitet som ligg langt over det som er volumet over Bergen indre havn i dag, seier Andreassen.

Les: Mindre gods over Bergen havn

Små utfordringar
Dei tre ser små utfordringar for verkelegjeringa av ny godshavn på CCB. Einast trafikken på vegnettet kan verta eit problem, inntil det nye Sotrasambandet er realisert, og ny veg Kolltveit – Ågotnes står ferdig.

Vindeneskvarven
Ågotnes har lenge vore fremma som ei alternativ plassering for ei ny storhavn på Vestlandet. Med ei framtidig havneutbygging i tankane har CCB AS saman med Liegruppen AS, kjøpt store areal på Vindeneskvarven.

– Areala på Vindeneskvarven er bandlagte, men ei utbygging her vil eventuelt liggja langt fram i tid, og vil avhenga av nasjonale interesser, svara Andreassen på direkte spørsmål frå Tunnelsyn.

Les: Vindeneskvarven og Høybøen.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.