Sund kuttar budsjettramma for fiskerihavna i Porsvika

Rekninga for utvidinga av fiskerihavna i Porsvika ser ut til å verta 10 – 15 prosent rimelegare enn budsjettert.

To kystfiskefartøy ved den offentlege kaien i tilknyting til fiskemottaket i Porsvika.
To kystfiskefartøy ved mottakskaien i tilknyting til fiskemottaket i Porsvika. No skal anlegget utvidast med ein liggjekai.

For å konkurrera om lokale råstoffleveransar ønskjer fiskerikommunen Sund å utvida fiskerihavna i Porsvika med ein liggjekai. Utlysinga av totalentreprisen tidlegare i vår resulterte i tilbod frå fem aktuelle leverandørar innan freisten gjekk ut, seier rådgjevar Gerhard Inge Storebø i Sund kommune til Tunnelsyn.

Under budsjett
Kommunestyret skal denne veka gje grønt lys for ei løyving på 19,9 millionar kroner – fire millionar kroner mindre enn det ein føresåg under budsjettbehandlingane sist haust.

– Dette er ei gunstig tid å lysa ut offentlege anbod. Også store entrepenørar er med i konkurransen, konstaterer Storebø.

Forhandlingsrunde
Utlysing av ein totalentreprise inneber at det er leverandøren som står for planlegginga av den endelege utforminga av kaianlegget. For å få anledning til å koma med innspel om detaljane, har Sund kommune teke høgde for ein forhandlingsrunde før endeleg pris vert fastsett.

Samtlege av dei fem tilbydarane er framleis med i forhandlingane. Endeleg sluttsum og kven som får tilbodet er enno ikkje avgjort. Alt no ser vi likevel at det er grunnlag for å laga eit revidert budsjett som er 10 – 15 prosent lågare enn det vi hadde sett for oss, seier Storebø.

Leigeinntekter
Sund må ta opp lån for å finansiera låneopptaket på dei nærare 11 millionane som vert kommunen sin andel.

Framtidige leigeinntekter vil bidra til å dekka delar av kommunen sine avdrag og renteutgifter, ifølgje Storebø. Han er optimist etter forhandlingar med lokale fiskeriverksemder.

Nye anbodsreglar
Nye anbodsreglar inneber at det ikkje lenger er kommunestyret som skal velja leverandør. Dei skal berre gje klarsignal for iverksetjing ut frå ei kostnadsramme, seier Storebø.

Statstilskot
Kystverket har tidlegare gjeve klarsignal for statsstøtte til utvidinga av fiskerihavna. Under føresetnad av at anlegget vert fullført innan utgangen av 2016, kan kommunen rekna med vel ni millionar kroner i statleg støtte.

– Den tidsfreisten skal vi klara. No må vi berre få byggjemeldt teikningane, seier Storebø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s