Delte ut 200.000

Fire spanande nysatsingar i Fjell mottok i dag 50.000 kroner kvar frå Sparebanken Vest og Vest Næringsråd.

vnr -logoVest Næringsråd forvaltar gåvemidlar frå Sparebanken Vest til regional næringsutvikling. Nye verksemder i Fjell, Sund og Øygarden, og prosjekter med relevans for regionen, kan søkja om midlar.

Heldige vinnarar i utdelinga denne våren vart:
24-7 senteret jobbar med å integrera risikoutsett innvandrarungdom i alderen 18 – 23 år. Anette Lilletvedt mottok 50.000 kroner til arbeidet med å hindra at ungdomane fell utanfor.

Stolte Strila AS er ein nystarta produsent av kortreist mat og drikke. Best kjend for Lie-lefsa produsert etter gammal oppskrift. Line Lie mottok 50.000 kroner til innkjøp av mekanisk kjevla.

Bak Scenen har utspring i improvisasjonmiljøet i Sotra Teaterlag. Frå hausten av tek dei sikte på faste førestellingar i samråd med publikum. Anita Vindenes mottok 50.000 kroner som bidrag til å etablera Sotra si første faste teaterscene.

Beate Einen er glasblåsar utdanna hos Kosta Boda. Ho jobbar i grenseland mellom design, kunst og handtverk. Ho mottok 50.000 kroner til arbeidet med sine lysskulpturar.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s