Ser ei framtid i risikobasert vedlikehald

Situasjonen på olje- og gassmarknaden oppfordrar til nytenking, også når det gjeld vedlikehald av subsea-utstyr. Dagleg leiar Nils Fredrik Fjærvik i CCB Subsea AS ser ei framtid i risikobasert vedlikehald.

CCB har inngått ein landsdekkjande rammeavtale med Statoil om vedlikehald på undervassutstyr.
CCB har inngått ein landsdekkjande rammeavtale med Statoil om vedlikehald på undervassutstyr.

Det er CCB Subsea AS som skal stå for gjennomføringa av rammekontrakten CCB AS nyleg inngjekk med Statoil om vedlikehaldet av ikkje-kritisk subseautstyr.

Les: Storkontrakt til CCB – trekkje oppseiingar

Kostnadskutt
Situasjonen på olje- og gassmarknaden oppfordrar til nytenkjing, også når det gjeld vedlikehald av undervassutstyr. Å kutta kostnadar, utan at det går ut over tryggleiken, er eit krav leverandørindustrien blir møtt med i stadig sterkare grad, seier dagleg leiar Nils Fredrik Fjærvik i CCB Subsea AS.

Eksponent
Risikobasert vedlikehald vert svaret på utfordringa. CCB Subsea skal vera ein eksponent for å innføra denne tankegangen i vedlikehaldsarbeidet offshore, seier Fjærvik.

Tre filosofiar
Vedlikehald er det arbeidet som må gjerast for å sikra at teknisk utstyr til eikvar tid er i stand til å utføra den funksjonen det er tiltenkt å gjera.

Bransjen opererer i dag med tre filosofiar: Periodisk vedlikehald – skjer til fastsette tider, uansett tilstand, men er ei svært kostbar løysing. Tilstandsbasert vedlikehald skjer når bruk og slitasje på utstyret tilseier at det bør vedlikehaldast for å hindra driftsstans eller ulukker.

Risikobasert vedlikehald tilsier at det er gjort ei prioritering av behova for vedlikehald, ut frå ei kalkulert risikovurdering.

Hovudaksjonær
Hovudaksjonær i CCB Subsea AS, tidlegare Logitec Subsea AS, er CCB AS med 51 prosent av aksjane. Norsea Group Operators AS eig 17 prosent.

Les: CCB styrkar satsinga på subsea

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s