Revidert nasjonalbudsjett: 250 millionar ekstra til kommunalt vedlikehald

Kommunane på vest- og sørlandet får eit ekstraordninært tilskot på 250 millionar kroner til vedlikehald av kommunane bygg.

Situasjonen på vest- og sørlandet er krevjande, seier finansminister Siv Jensen. Store bransjevise forskjellar gjer at ho ikkje ønskjer å nytta ordet krise.
Situasjonen på vest- og sørlandet er krevjande, seier finansminister Siv Jensen. Store bransjevise forskjellar gjer at ho ikkje ønskjer å nytta ordet krise.

Regjeringa har sett dei dramatiske konsekvensane på vest- og sørlandet av låg oljepris og aukande arbeidsløyse. For å motverka effekten av det finansminister Siv Jensen karakteriserer som ein krevjande situasjon, føresler Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett å stimulera til omstilling i dei kriseramma kommunane.

900 millionar
Fleire av tiltaka i den ekstraordinære tiltakspakken på 900 millionar kroner vil koma Fjell, Sund, Øygarden og Askøy til gode.

Eit eingongstilskot på 250 millionar kroner til vedlikehald av kommunane bygg er største posten i tiltakspakken.

Pengane vil verta fordelte i forhald til talet på arbeidslause i dei einskilde kommunane.

Samferdsel
Vedlikehald og investeringar på riksvegnettet vil auka med 150 millionar kroner.

For å stimulera til meir grøn skipsfart, yter Regjeringa 65 millionar kroner.

DEMO 2000
Forskinga på ny og meir kostnadseffektiv offshore-teknologi vert samstundes styrka på 50 millionar kroner. Beløpet vil vera øyremerka DEMO 2000-programmet, og gå direkte til å stimulera næringslivet sin eigen innsats på teknologiutvikling.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.