Dagens sleivspark: Fattigdom

It would be nice if the poor were to get even half of the money that is spent in studying them. William E. Vaughan 1915 – 1977

Inspirert av utsikten til fem – seks millionar kroner i årleg støtte frå fylkesmannen i Hordaland, har Askøy og Fjell kasta seg over eit nytt satsingsområde.

Fattige born ser ut til å verta det nye, store politiske innsatsområdet i dei innovative vekstkommunane.

Ikkje noko nytt
I Askøy har dei nytta pengane frå fylkesmannen til å gjennomføra ei omfattande kartlegging av fattige born. Ei undersøking som ikkje avslørte stort meir enn ein visste frå før, nemleg at familiar med einslege forsørgjarar, langtidsledige og foreldre med rus og psykiatriske problem er overrepresentert.

Les: Barnefattigdom eit ikkje-tema i Askøy

Sosialsatsar
Med denne dokumentasjonen i ryggen skulle ein tru at kommunepolitikarane ville ha skore gjennom og heva dei lågaste sosialtrygdsatsane i landet opp på nasjonalt nivå? 600.000 kroner ville det ha kosta å sikra alle dei økonomisk verst stilte i kommunen eit levegrunnlag på linje med den nasjonale normen.

Uverdig førestelling
Neidå. Politikarane i Askøy nytta høvet til å gjera debatten om sosialsatsane til ein diskusjon om ansvarsfråskriving og gjensidige skuldingar. Hadde det vore 60 millionar det var snakk om, kunne eg ha forstått det. No vart det ei uverdig førestelling.

Les: Stemte mot å følgja nasjonale satsar for sosialhjelp

Eige utval
I Fjell har dei like godt oppnemnt eit eige utval. Heile sju politiske representantar skal gje retning til innsatsen mot fattigdomen. Forutan tverrpolitisk engasjement, skal dei også sikra representasjon på tvers av formannskap, planutval og finansutval.

Jammen er det mange som skal leva av dei fattige. Politikarane må også få sin skjerv.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s