Helikopterhavariet aktualiserer behov for ny innflygingstrase

Kva om helikopterhavariet hadde skjedd over tettbygd strøk på Litle Sotra? Fjell tek behovet for ny innflygingstrase opp direkte med Direktorat for sikkerhet og beredskap.

Helikopterhavariet ved Turøy har skremt mange innbyggjarar i Fjell.
Dagleg flyg det 10 – 20 helikopter over Litle Sotra til eller frå oljefelta i Nordsjøen. Helikopterhavariet ved Turøy har skremt mange innbyggjarar i Fjell.

Den tragiske ulukka for snart to veker sidan der 13 personar mista livet kunne ha gått langt verre, hadde havariet skjedd eit minutt eller to seinare. Då hadde helikopteret ikkje lenger vore over fjøresteinane, men over land og tettbygd strøk.

Klaga i fleire tiår
Innbyggjarane på Litle Sotra har i fleire tiår klaga over støy frå overflygande helikopter på veg mellom oljefelta i Nordsjøen og helikopterbasen på Flesland. Innflygingstraseen inneber hyppige daglege overflygingar over tettbygde strøk, mellom anna over kommunesenteret Straume.

Avinor
Gjentekne gongar har Fjell kommune teke saka opp med Avinor, som regulerer innflygingstraseane, men utan at traseen har blitt endra.

Mange har blitt skremt
-Helikopterhavariet aktualiserer problema knytta til val av innflygingstrase. Mange har blitt skremte av hendinga. Om ulukka hadde skjedd over tettbygd strøk, kunne konsekvensane ha blitt langt meir alvorleg, orienterte varaordførar Tom Georg Indrevik (H) formannskapet i Fjell i dag.

Direktorat for sikkerhet og beredskap
Sidan saka no har fått ein annan og langt meir alvorleg aktualitet, har Indrevik kontakta Direktorat for sikkerhet og beredskap. Målet er å få til ei løysing for innflygingstrase som gjer at innbyggjarane i Fjell ikkje treng gå rundt og vera redde for å få eit helikopter ramlande ned i hovudet.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s