Livet på Høybøen

Historien om garden på Høybøen på Vindeneskvarven og korleis kvardagslivet der arta seg for 2000 år sidan er klar til å forteljast.

Slik tenkjer arkeologane seg at busetnaden på Høybøen såg ut for 2000 år sidan.
I le for nordavinden. Slik tenkjer arkeologane seg at busetnaden på Høybøen såg ut for 2000 år sidan. Illustrasjon Hordaland fylkeskommune.

Etter eitt års innsats med å rydda Høybøen for vegetasjon, veit forskarane stadig meir om korleis livet på garden arta seg fram til svartedauden la garden aude på 1300-talet.

9000 år
Det har vore busetnad i området i over 9000 år, men det var først rundt Kristi fødsel at garden vart rydda, hus og naust vart bygt, og jorda vart dyrka, meinar arkeologane.

Dei som budde her bygde to hus og eit naust. Mellom husa la dei ein hellelagt gangveg til eit oppkomme med vatn.

Ein rast mellom dei historiske hustuftene. Slik såg det ut på Høybøen før skjødselprosjektet.
Ein rast mellom dei historiske hustuftene. Slik såg det ut på Høybøen før skjødselprosjektet.

På garden hadde dei kyr, sauer og geiter, dyrka havre og bygg. Dei fiska i fjorden, smidde reiskaper i jern og vov tekstilar.

Pengeøkonomi
Økonomien var god nok til at dei kunne kjøpa ting, som kleberstein, bryne frå Eidsborg i Telemark og keramikk frå utlandet. Funn av ein kam av bein, nøklar, låser og ein kvernstein bidreg til å utbrodera historien om desse tidlege Sotrastrilane.

Bebudd i periodar

Fire gravrøyser frå jernalderen er funne i området.
Fire gravrøyser frå jernalderen er funne i området.

Utgravingane har vist at Høybøen har vore bebudd i periodar. Det budde folk på Høybøen frå kring Kristi fødsel fram til 400-talet. Deretter låg garden aude til mellom 800 og 1050. Då vart det ny gardsdrift fram til midten av 1300-talet.

Ryddearbeid
Ryddearbeidet er blitt gjort i samarbeid mellom Fjell kommune, grunneigarane og Hordaland fylkeskommune som har gjeve 20.000 kroner til ryddearbeidet.

Les: Gravrøys på Vindeneskvarven fekk formen tilbake

Vindeneskvarven og Høybøen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.