OPS-status forseinkar Sotrasambandet

Det hjelper lite om politikarane i Fjell og Bergen held timeplanen og klarar verta samde om ein felles reguleringsplan for nytt Sotrasamband før ferien.

Statusen som OPS-prosjekt vil forseinka behandlinga av bompengesøknaden til etter endeleg vedtak av NTP. Tidlegast anleggstart ser no ut til å kunna skje i 2019.
Statusen som OPS-prosjekt vil forseinka behandlinga av bompengesøknaden til etter endeleg vedtak av NTP. Tidlegast anleggstart ser no ut til å kunna skje i 2019.

Dette vart klart då spesialrådgjevar Willy Sørensen og representantar frå Statens vegvesen i dag orienterte formannskapet i Fjell om det endelege utkastet til reguleringsplan for nytt Sotrasamband.

Ny framdriftsplan
Samtidig presenterte Sørensen ein ny framdriftsplan for anlegget. Oppstart av arbeidet, slik det ser ut no, kan truleg tidlegast skje våren 2019.

Sidan Sotrasambandet er vedteke som forsøksprosjekt for offentleg – privat samarbeid (OPS), er det ikkje avsett øyremerkja midlar i utkastet til Nasjonal Transportplan (NTP). Vi må difor venta til etter at NTP er vedteken våren 2017, før ein kan avklara kor mykje midlar som skal avsetjast til Sotrasambandet og dei andre fem OPS-prosjekta, og korleis desse skal fordelast mellom prosjekta.

Først deretter kan bompengesøknadane avgjerast.

Bompengar i det uvisse
– Kva pengar har vi? Ingen kan seia noko om det, beklaga ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som sist var i møte med Vegdirektoratet i går.

Les: Vegdirektøren vil ikkje snakka om økonomien i Sotrasambandet

Ferdig i 2023?
– Hordaland fylkeskommune er også opptekne av dette. Dei må stilla garanti for bompengesøknaden, og vil også ha føreseibarhet, sa Bjorøy. Ei forsiktig antyding frå ordføraren si side er at sambandet kanskje kan stå ferdig i 2023.

– Det vert ei antyding med fem spørjeteikn bak, sa Bjorøy.

Ingen endringsframlegg
Ingen av medlemmane i formannskapet fremja forslag til endringar i reguleringsplanen.

Les: Klar for innspurt om Sotrasambandet

Av den omfattande lista med kuttforslag som vart vedteken sist sommar, er det berre eitt tiltak som har funne vegen inn i den endelege planen.

Tilsvarande i Bergen
Den endelege planen skal vedtakast i kommunestyret før ferien. Bystyret i Bergen må gjera tilsvarande vedtak for den delen av sambandet som går frå Sotrabrua til Sotravatnet i Bergen.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.