Trykket på Fjell-økonomien lettar

Dagens to gladmeldingar frå Regjeringa lettar trykket på Fjell-økonomien med 15 – 16 millionar, reknar rådmann Steinar Nesse.

Rådmann Steinar Nesse i Fjell ser ikkje lenger fullt så svart på kommuneøkonomien. Tertialrapporten vil gje betre oversikt.
Rådmann Steinar Nesse i Fjell ser ikkje lenger fullt så svart på kommuneøkonomien. Tertialrapporten vil gje betre oversikt.

I siste kommunestyremøte gjekk rådmann Steinar Nesse ut og ropte krise om kommuneøkonomien i Fjell.

Les: Rådmann Steinar Nesse fryktar konkursras i Fjell

Revidert Nasjonalbudsjett
Etter framlegginga av Revidert Nasjonalbudsjett i dag ser ikkje rådmannen lenger fullt like mørkt på situasjonen.

Les: Skatteinntektene sviktar

Fjell vil få 5,9 millionar kroner av Regjeringa sin ekstraordinære tiltakspakke til kriseramma kommunar til vedlikehald av kommunale bygg og vegar, orienterte rådmannen formannskapet i Fjell.

No set Nesse si lit til forhandlingane om Revidert nasjonalbudsjett i Stortinget. Både Venstre og KrF har signalisert at dei vil auka Regjeringa sin krisepakke på 900 millionar.

– Femdoblar dei beløpet, til 30 millionar, skal vi ha prosjektet klart, lova Nesse.

Integreringsmeldinga
Ei gladmelding kjem sjeldan aleine – ikkje i Fjell. Dagens andre positive nyhende for rådmannen i Fjell var Regjeringa si integreringsmelding for flyktningar.

Fleire av dei 60 tiltaka i meldinga vil vera aktuelle for Fjell. Det gjeld mellom anna statleg bustøtte til flyktningar busette i bukollektiv.

Fjell reknar med å busetja oppimot 100 flyktningar i år, mange av dei einslege mindreårige. Eindel har søkt om attforeining med familiane sine. Så langt er 14 av 40 søknadar innvilga.

– Med dei nye satsane reknar vi med å få 50 millionar i tilskot til integreringa av flyktningar i år. Budsjettet lyd på 39 millionar. Utover det har vi søkt om ekstraordinære midlar tilsvarande fem millionar, sa Nesse.

Lønsoppgjeret
Også lønsoppgjeret går i krisekommunane sin favør. Eit tillegg på 2,4 prosent er 0,3 prosent lågare enn det som vart føresett i budsjettarbeidet før jul.

Kor mykje det vil bety i kroner for Fjell sitt vedkomande er det førebels for tidleg å seia noko om.

På landsbasis har KS rekna ut at kommunane vil spara over ein milliard kroner på det rekordlåge lønsoppgjeret.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s