Vil ha kommunedelplan for nordre Litle Sotra inn i planstrategien

Komite for drift vil utvida rådmannen sitt forslag til planstrategi for Fjell.

Rådmannen i Fjell meinte kommunen bør venta med å setja i gang nye, kostnadskrevjande planarbeid så lenge spørsmålet om kommunesamanslåinga med Sund og Øygarden ikkje er avgjort.

Les: -Vent med nye, kostnadskrevjande planarbeid

Medlemmane i Komite for drift er ikkje samde. I møtet tirsdag gjekk dei samrøystes inn for at arbeidet med ein kommunedelplan for nordre Litle Sotra må setjast i gang alt dette året.

Siger for utbyggjarane
Vert tilrådinga vedteken i kommunestyret vil det vera enno ein siger for utbyggjarinteressene i Fjell. Ein kommunedelplan på nordre Litle Sotra vil kunna opna for nedbygging av det som i dag er eit tilnærma urørt utmarksområde mellom Foldnes, Våge og Hjelteryggen. Det over 5.000 mål store området vil  kunna byggjast ned med fleire 10.000 bustadar. Store delar av nordre Litle Sotra er alt eigd av kommersielle utbyggjarar.

Les: Feilinformasjon om bustadareal i arealplanen

Les: Indrevik i hemmelege utbyggjarsamtalar

Ungdomsstrategi
Komiteen var også samde om at det bør hastar med å få utarbeida ein ungdomsstrategi. For å spara pengar, tilrår komiten at det vert laga ein strategi og ikkje ein plan, som vil vera meir omfattande. Komiteen skal sjølv utføra arbeidet.

Stemte ned stradsoneplan
Fjell kommune får ofte søknadar om dispensasjon for bygging i den funksjonelle strandsona. Forslaget frå FrP om å revidera grensa for den funksjonelle strandsona i arealplanen fekk berre røystene frå FrP, KrF og Sotra Lista, og fall.

Samfunnsdel
Kommuneplanen i Fjell består berre av ei arealplan. I følgje Plan og bygningslova skulle kommuneplanen også hatt ein samfunnsdel. Så snart spørsmålet om kommunesamanslåinga er avgjort, må kommunestyret få opp ei eiga sak om å starta arbeidet med ein samfunnsplan, tilrår medlemmane i Komite for drift.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s