No vil han ha avfallet vårt

Kvar fjellsokning produserer 450 kilo avfall årleg. No skal sjefen for Sartor Nærvarme AS laga ny kommunal plan for korleis søppelet vårt kan verta god butikk.

Ernst Morten Einarsen er saksordførar for arbeidet med ny Temaplan for avfall i Fjell. Han er også sjef for Sartor Nærvarme AS.
Ernst Morten Einarsen er saksordførar for arbeidet med ny temaplan for avfall i Fjell. Han er også sjef for Sartor Nærvarme AS. No varslar han omfattande endringar i avfallshandteringa i kommunen.

Leiar for Komite for drift i Fjell, Ernst Morten Einarsen, er saksordførar for arbeidet med den nye kommunale temaplanen for avfall. Han er mellom anna også dagleg leiar i Sartor Nærvarme AS.

Varslar omfattande endringar
No varslar Einarsen omfattande endringar i den kommunale avfallshandteringa, samanlikna med dagens ordning.

God butikk
Stadig fleire kommersielle aktørar satsar på avfall. Sal av mellom anna plast og glas som kjem inn gjennom kjeldesorteringa, er noko FjellVar alt får godt betalt for.

Slutt på heimekompostering?
Heimekompostering er eit populært tiltak hos miljømedvitne fjellsokningar som gler seg over at innsatsen samstundes bidreg til lågare kommunale avgifter.

No varslar nærvarmesjefen at det kan verta slutt på heimekomposteringa.

Restavfall
Matrestar, hageavfall og restavfall utgjer ein stor del av den totale avfallsmengda. Dette er avfall som ikkje kan attvinnast, og som vi må betala for å verta kvitt. Kva vi skal gjera med denne typen avfall i framtida er eit tema vi må ta opp, varslar Einarsen.

Aktuell mottakar?
Eit alternativ er å senda det til BIR, for brenning i fjernvarmeanlegget. Eit lite miljøvenleg alternativ er å frakta restavfallet med lastebil til forbrenninganalegg i Sverige, der dei betalar for norsk avfall.

Korvidt Sartor Nærvarme AS kan vera ein aktuell mottakar av mat- og restavfallet, nemner Einarsen ikkje noko om.

Farvel til søppeldunken?

Avfallsstasjonar som denne kan koma til å bli eit krav i nye reguleringsplanar, som erstatning for dagens søppeldunkar.
Avfallsstasjonar som denne kan koma til å bli eit krav i nye reguleringsplanar, som erstatning for dagens søppeldunkar.

Sentralisering og blokker gjer det ønskjeleg å vurdera andre innsamlingsløysingar enn dagens søppeldunkar. Nedgravde kontainarar tek liten plass og peikar seg ut som ei aktuell løysing. Det kan vera aktuelt å innføra dette som eit krav i nye reguleringsplanar for område med 30 bueiningar eller meir, ifølgje Einarsen.

Avstandane gjer at bossug, slik dei har innført i Bergen, ikkje verkar vera noko godt alternativ i Fjell.

Ny lokalisering
FjellVar fekk nyleg løyve til å utvida gjenbruksstasjonen i Lonavegen. Arbeidet er enno ikkje starta, men dette vert uansett berre ei mellombels løysing, skal vi tru Einarsen. Alt no må vi på leit etter ei varig løysing.

– Om vi ikkje peikar ut plassen, må vi ta diskusjonen på kvar den framtidige gjenbruksstasjonen skal liggje, seier Einarsen.

Lovpålagt
Kommunane er lovpålagt å samla inn og handtera avfall frå private hushald i samsvar med nasjonale retningsliner. Gjeldande kommuneplan for avfallshandtering er frå 1996, og treng oppdaterast til dagens realitetar. Mellom anna som følgje av at avfallsmengda har blitt dobla siste tiåret, men også avdi lovar og reglar har endra seg.

Avfallshandtering er ei kommunal teneste som skal avgiftsbeleggjast i samsvar med sjølvkost.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s