Helgeturen – Skåleviksdammen: Date an Alien from Urbania

Du skal springa raskt og vera godt orientert, skal du klara få med deg alt det vi fjellsokningar har vore så heldig å arva av kulturminne og naturperler før gravemaskinene raserer dei.

Skåleviksdemninga slik ho framleis står.
Skåleviksdemninga slik ho framleis står.

Tunnelsyn tek opp at den populære serien ”Helgeturen”. Denne sesongen startar vi med ein tur frå Skålevik til Skåleviksdemninga i Fjell. Ein lett tur i relativt flatt utmarksterreng.

Inste Skåleviksvatnet breiar seg i utmarka mellom Skålevik. Ulveseth og Morland.
Inste Skåleviksvatnet breiar seg i utmarka mellom Skålevik. Ulveseth og Morland.

Skåleviksdemninga ligg i utmarka mellom Skålvik, Morland og Ulveseth, kring 1,5 kilometer å gå frå bommen ved Fv. 210 på Skålevik.

Utrygt

Oppå demninga får vi inntrykk av dimensjonane. Utrasa steinar gjer at det ikkje lenger er trygt å ferdast oppå demninga.
Oppå demninga får vi inntrykk av dimensjonane. Utrasa steinar gjer at det ikkje lenger er trygt å ferdast oppå demninga.

Den store, handmura demninga vart oppført kring 1890, og er laga som ein dobbelt mur med torv i midten. Oppgjennom åra har torva sige og vatnet sprengt vekk eindel av steinane på oppsida som vender mot aust og Indre Skåleviksvatnet. Forfallet gjer at det ikkje lenger er trygt å ferdast på toppen av demninga.

Les: -Det hastar med å reparera Borgstovo

ny demning_webPå oppsida er det nyleg støypt ein ny og langt lågare demning som reduserer vasstrykket mot den gamle demninga.

Alien from Urbania
Den gamle demninga skal fjernast, men på ein slik måte at restane skal kunna fortelja om kulturhistorien på staden, fortel Berit Vik på Kulturkontoret i Fjell.

Les: Etterlyser heimel for riving av historisk villa
Les: Stadfestar ulovleg riving

Som ein alien frå Urbania tronar denne gravemaskina langt ute i den veglause utmarka.
Som ein alien frå Urbania tronar denne gravemaskina langt ute i den veglause utmarka.

Som eit varsel om det som skal skje, tronar ei forlaten gravemaskin på åsryggen ved demninga. Her – midt ute i den veglause utmarka – framstår gravemaskina som ein alien frå Urbania. Sjølv om gravemaskina tydelegvis har stått her ei god stund, er tida i ferd med å renna ut for den som ønskjer å få med dette kulturminnet.

Kulturkontoret har dokumentert demninga i påvente av rivinga.

Industri- og kraftverkshistorie

Lerk er ein tresort det finst eindel av i Sotra sine utmarksområde.
Lerk er ein tresort det finst eindel av i utmarksområda på Sotra.

Skåleviksdemninga vart laga for å sikra vasstilførsla til mølla i Skålevik, og er eit monument over tidlegaste industrien i Fjell. Dette var ikkje noko puslete bygdekvern. Her mol bergensaren Albert Mohn & Sønners Eftf. store mengder importert kveite, bygg og mais til grossistar i Bergen, inntil mølla brann ned i 1914.

Første tiåra på 1900-talet var industrireisinga si tid i Fjell, som i resten av landet. Utnyttinga av vatnet frå demninga i Skålevikvatnet har endra seg i takt med behova.

Kjøpte fallrettane

Det nedtappa yste Skpleviksviksvatnet sett frå Skåleviksdemninga.
Frå Skåleviksdemninga ser vi det nedtappa yste Skåleviksviksvatnet.

Fabrikkanlegget i Knarrevik trong vasskraft, og tok initiativ til å gjera om damanlegget på Skålevik til elektrisitetsverk. Fjell kommune kjøpte vassrettane for 30.000 kroner og la planar for eit kommunalt elektrisitetsnett. Første kraftverket i Fjell var ein realitet i 1916.

Elektrisitetsproduksjonen i det relativt flate Skåleviksvassdraget – største høgda over havet er under 50 meter – vart for puslete til å dekka behovet alt på 1950-talet. I dag har demninga som funksjon å regulera vasstilførselen til Austefjorden smoltanlegg.

Turen

Føl anleggsvegen langsmed rørgata til du kjem til deminga ved yste Skåleviksvatnet.
Føl anleggsvegen langsmed rørgata til du kjem til deminga ved yste Skåleviksvatnet.

Turen startar på anleggsvegen som tek av frå Fv. 210 ved bommen i Skålevik. Føl rørgata oppover og austover mot den første demninga ved Yste Skåleviksvatnet.

Der vegen endar, tek du til venstre, langsmed vestsida av vatnet. Ta deretter til høgre og føl nordsida av vatnet. Ver merksam på at stien, av omsyn til varierande vasstand, går eit godt stykke oppe i terrenget, ikkje langsmed vasskanten.

Varda sti

Stien kan til tider vera vanskeleg å sjå. Berre små steinvardar vitnar om at det her har gått folk før deg.
Stien kan til tider vera vanskeleg å sjå. Berre små steinvardar vitnar om at her har det gått folk før deg.

Stien kan til tider vera vanskeleg å oppdaga og er ikkje merka. Her finst verken blå N-ar for Nordsjøløypa eller Turlaget sine raude strekar som kan visa at du er på rett veg. Einast nokre små steinvardar gjev ein indikasjon på at her har det ferdast folk før deg.

Undervegs går stien gjennom dette trolske landskapet - eit minne får storbrannen i 2006.
Undervegs går stien gjennom dette trolske landskapet – eit minne frå storbrannen i 2006.

Turen går gjennom flatt og småkupert terreng. Typisk Sotra-landskap med blåbærlyng, lynghei og snaufjell dominerer. Eitpar mindre blautmarkjer må du førebu deg på, hovudsakeleg når du nærmar deg demninga ved Inste Skålevikvatnet. No før pinse er det likevel tørt nok til å gå med joggesko.

Stien er utan store stigningar. På det høgaste er du kring 70 meter over havet. Går du fort, og kjenner stigen, kan du gjera heile turen unna på ein time.

Les: Fleire helgeturar kan du lesa her

Blåbærlyngen i byrjinga av stien ved Yste Skålevikvatnet vitnar om ein rik bærhaust.
Blåbærlyngen i byrjinga av stien ved Yste Skålevikvatnet ber lovnad om ein rik bærhaust.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s