17. mai i Roma

Norske fargar og flagg hører med på nasjonaldagen, sjølv om ein oppheld seg utanfor landet sine grenser.

Hos Osteria Margutta går det i raudt, blått og kvitt heile året. Freistande å innta 17. mai-måltidet i slike omgjevelsar når du tilbring nasjonaldagen langt heimefrå.
Hos Osteria Margutta dekkar dei i raudt, kvitt og blått heile året. Freistande å innta 17. mai-måltidet i slike omgjevelsar når du tilbring nasjonaldagen langt heimefrå.

Folk helsar, smiler og gratulerer med dagen. Nordmenn har ei uvanleg sterk fedrelandskjensle. Går du rundt i Roma med eit norsk flagg 17. mai, er du garantert å koma i snakk med landsmenn.  Sikrare identitesmerkje finn du ikkje. Det norske flagget fungerer som eit hemmeleg teikn mellom dei innvigde. Fem millionar nordmenn er ikkje fleire enn at vi held saman når vi møtes utanfor grensene til heimlandet på nasjonaldagen.

Tilfeldig turist
Tilfeldige turistar som oss, som ikkje er priviligerte med invitasjon til den norske ambassaden, tilbring dagen som turistar flest – går på museum og et ein betre middag på kvelden.

Osteria Margutta
Hos Osteria Margutta like ved spansketrappa dekkar dei i raudt, kvitt og blått – heile året. Bacalao er einaste retten på menyen med tilknyting til norske matvanar, men ingen klagar over is og ferske jordbær, heller.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s