Romas ukjende attraksjon

Med 1.100 ulike roser er Roma by sin offisielle rosepark på Avantinerhøgda vel verd ein pause i ruinvandringa.

Hagen er også ein konkurransearena for utprøving av nye rosesortar.
Hagen er også ein konkurransearena for utprøving av nye rosesortar.

Når asfalten kokar under beina, og køane framfor Colosseum kjennes uuthaldeleg lange, kan det vera greit å ta ein pause i det grøne.

Navnlaus skjønnhet mot blå himmel.
Navnlaus skjønnhet mot blå himmel.

Roma by sin offisielle rosepark ligg freistande lett tilgjengeleg på Avantienerhøgda, like ved Colosseum og på andre sida av Sirkus Maximus. Likevel let det til at berre eit fåtal av turistane i denne travle byen har oppdaga den freda plassen.

Sesong

Ein kort avstikkar frå Colosseum og Sirkus Maximus ligg denne fredelege rosehagen, dette er berre eit lite utval av dei moderne rosene i hagen.
Ein kort avstikkar frå Colosseum og Sirkus Maximus ligg denne fredelege rosehagen. Her ser vi eit lite utval av dei moderne rosene.

Parken skryt av å ha 1.100 ulike rosesortar, og er berre open i blomstringssesongen – frå midten av april til midten av juni.  På desse sørlege breiddegradene er eindel av dei historiske rosene alt avblomstra før 17. mai. Fortvil ikkje om du har tenkt deg til Roma litt seinare på førsommaren – eindel av dei moderne rosene ventar enno på å få visa seg fram frå si beste side.

Stor variasjon

Rosene er populære fotomotiv.
Rosene er populære fotomotiv.

Å tusla rundt i den velduftande hagen er eit eventyr for ein roseinteressert – både med og utan kamera. Her finn vi historiske roser side om side med dei siste variantane til velkjende oppdrettarar som Kordes, Meillard og Poulsen.

Mange kjende personar har fått ei rose oppattkalla etter seg. Purple Rain er til minne om Prince.
Mange kjende personar har fått ei rose oppattkalla etter seg. Purple Rain er til minne om Prince.

Kulissane kunne ikkje ha vore meir passande: Stilkroser, klaseroser, buskroser og klatreroser i nær sagt alle tenkjelege fargar og fargekombinasjonar lyser mot dei 2.000 år gamle mursteinsraude murane på Palatinerhøgda.

 

Eindel av rosene er reine duftbomber.
Eindel av rosene er reine duftbomber.

Rosarium
Roser kan du også sjå i rosariet i den botaniske hagen i Roma. Her er det eit flerital av historiske buskroser med tidleg bløming. Anlegget er mindre, og framstår som mindre velstelt samanlikna med rosehagen på Avantinerhøgda.

Publikumsfrieri. Dette hjarta av rosa roser har nok danne ramma og mange bryllaupsbilete.
Publikumsfrieri. Dette hjarta av rosa roser er nok ramme rundt mange bryllaupsbilete.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s