Innbyggjarundersøkinga: Ofrar lokaldemokratiet for næringslivsutvikling

Det vart eit klart fleirtal for kommune-samanslåing i Fjell og Sund, og eit klart fleirtal mot i Øygarden, viser innbyggjarundersøkinga som vart offentleggjort i dag.

Ungane i Bjørkedalen barnehage ville gjerne sjå gråtassane som jobbar for kommunesamanslåing.
Ungane i Bjørkedalen barnehage ville gjerne sjå gråtassane som jobbar for kommunesamanslåing. Fv. ordførar Kari-Anne Landro i Sund, Børge Haugetun i Øygarden og Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Undersøkinga, som vart gjennomført av Opinion, henta inn svar frå 1.000 innbyggjarar frå Fjell, 602 frå Øygarden og 589 frå Sund.

Flest for i Fjell
Størst er oppslutnaden om kommunesamanslåinga i Fjell. Her var det heile 69 prosent som svara «for» på direkte spørsmål om dei er for eller mot å etablera ein ny kommune. Berre 15 prosent svara at dei var mot.

I Sund var det 67 prosent som var for. 18 prosent var mot.

Statistisk signifikant
Sterkast er motstanden i Øygarden. Her var det 52 prosent som var mot, og berre 36 prosent som var for.

Engasjementet har også vore sterkast i nord. For første gong har analyseverksemda Opinion blitt oppringt av folk som ønska å delta i undersøkinga, fortalte Henrik Høidal som har vore fagleg ansvarleg i Opinion for gjennomføringa av undersøkinga.

– Motstanden i Øygarden var mindre enn eg hadde forventa. Vi kan likevel ikkje sjå vekk frå at dette er eit signifikant nei, seier ordførar Børge Haugetun.

Innbyggjarane har blitt hørt
– No har vi hatt innbyggjarmedverknden. Vi har hørt innbyggjarane og no tek vi med oss dette, la Haugetun til. Han håpar at resultatet ikkje vil verta nytta til å skapa ein ny opinion i kommunen mot ei samanslåing.

– I Fjell og Sund er det nær 80 prosent som er svært positive eller ganske positive. Det kan ikkje vi i Øygarden sjå vekk frå. Vi må sjå heilskapen, sa Haugetun.

Alder og kjønn
Det er store skilnadar i oppslutnaden når det gjeld kjønn og alder kommunane i mellom. I Fjell er oppslutnaden sterkast hos menn i aldersgruppa 45+. I Øygarden er motstanden sterkast hos ungdom i alderen 16 – 29 år, uansett kjønn. I Sund er oppslutnaden sterkast i aldersgruppa 30 – 45 år.

Tenestekvalitet
Auka kvalitet på dei kommunale tenestene er det dei fleste ser som største fordelen i ein ny kommune, er fjellsokningar, sundsokningar og øygardsstrilar samde om.

Både i Fjell og Sund ser innbyggjarane dette som eit tiltak for å få til ei meir kostnadseffektiv kommunal drift. I Øygarden er det derimot god tilgang til kommunale tenester som vert vurdert som den nest viktigaste fordelen med ei samanslåing.

Næringsutvikling
Det er næringsutviklinga som særleg vil vinna på ei kommunesamanslåing, meinar særleg fjellsokingar og sundsokningar.

Heile 68 prosent av fjellsokningane trur at vilkåra for næringsutvikling vil vera mykje eller svært mykje betre.  Nesten like positive er dei i Sud. Her er det 65 prosent som har tru på at næringslivet vil koma styrka ut av prosessen.

I Øygarden er næringslivet mindre viktig. Her det det berre 40 prosent som er opptekne av at næringutviklinga vil styrkast.

Lokaldemokratiet tapar
Innbyggjarane sine mogelegheitar til å påverka utviklinga i kommunen vil verta taparen, meinar særleg øygardsstrilane. Berre 16 prosent av dei har tru på at lokaldemokratiet vil koma styrka ut av ei samanslåing.

Heller ikkje fjellsokningar og sundsokningar har store forhåpningar om at dei skal få meir å seia på utviklinga i nærmiljøet i ein storkommune. Kvar fjerde sundsokning er positiv, medan tre av ti fjellsokningar vurderer dette som bra.

Det er kommunestyra i dei tre kommunane som skal ha siste ordet i saka. Endeleg svar får vi 21. juni.

 

 

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.