Etterlysing: Fall for namnlaus skjønnhet

Ein av Tunnelsyn sine lesarar fall pladask for den namnlause lysrosa skjønnheten som var avbilda i reportasjen om Rosehagen til Roma by. No vil han gjerne vita kva rosa heiter.

Nokon som veit kva denne klatrerosa heiter?
Nokon som veit kva denne klatrerosa heiter?

Først trudde han rosa heitte Sissel Renaissance, rosa som er oppattkalla etter heile Norges Sissel Kyrkjebø. Med sine sarte rosafarga, fylte roser passar omtalen langt på veg til den populære Poulsenrosa.

Les: Roma sin ukjende attraksjon

Klatrerose
Høgda passar derimot ikkje. Rosa i Roma er ei klatrerose, minst to meter høg. Sissel Renaissance er eit lita buskrose som kan verta oppimot ein meter, ifølgje HelpMeFind.

Rosene var også noko større enn Sissel-rosa sine 3,5 sentimeter i diameter.

Moderne
Den ukjende skjønnheten var plassert i konkurranseområdet i roseparken på Avantinerhøgda. Ein indikasjon på at dette er ei moderne rose som nett er introdusert på marknaden.

Tunnelsyn sin lesar kan godt tenkja seg ei slik klatrerose. Nokon som veit kva denne rosa heiter? Send ein epost til tunnelsynred@gmail.com.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s