Sotrasambandet får støtte frå tunge aktørar

Nytt Sotrasamband er eitt av fire prioriterte nye, store vegprosjekt i det felles høyringsinnspelet til Nasjonal Transportplan (NTP) frå Hordland fylkeskommune, HNO Hordaland, LO Hordaland og Bergen Næringsråd.

Prioritet som eit av dei fire viktigaste samferdsletiltaka i Hordeland til trass, det nye Sotrasambandet kan tidlegast stå ferdig i 2023.
Prioritet som eit av dei fire viktigaste samferdsletiltaka i Hordeland til trass. Vedtaket om å gjera det nye Sotrasambandet til pilotprosjekt for offentleg – privat samarbeid (OPS) forseinkar oppstarten slik at at ny bru tidlegast kan stå ferdig i 2023.

Sotrasambandet må få 50 prosent statleg finansiering, er dei fire tunge aktørane samde om.

Hastar mest
Nytt Sotrasamband er eitt av dei fire nye samferdsleprosjekta i Hordaland som det hastar mest med å få på plass, ifølgje det felles høyringsinnspelet som fylkesordførar Anne Gine Hestetun sist veke presenterte for samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og for Hordalandsbenken i Stortinget.

Sotrasambandet havnar dermed i kategori med ferjefri E39, vidare utbygging av Bybanen og parallell utbygging av E16 og Vossabanen.

Utanfor dagsorden
Sotrasambandet stod ikkje på dagsorden då Vegdirektør Terje Moe Gustavsen ei tid tilbake møtte politikarar og næringslivs-organisasjonane i Hordaland til høyringsmøte for utveksling av synspunkt på innhaldet i Nasjonal Transportplan for 2018 – 2029.

Les: Vegdirektøren ville ikkje snakka om økonomien i Sotrasambandet

Fleire av innleiarane på møtet tok likevel på eiga hand opp Sotrasambandet som eit samband som bør prioriterast.

Felles høyringsinnspel
Dess fleire som er samde, di sterkare står vi, var filosofien bak det felles høyringsmøtet. No føreligg altså den prioriterte lista over samferdselsprosjekt i Hordaland neste 12 åra.

Les: OPS-status forseinkar Sotrasambandet

Les: Felles innspel til Nasjonal Transportplan

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s