IEA-rapport – dårleg nytt for oljeavhengige Sotra

Siste rapporten til Det internasjonale Energibyrået IEA er dårleg nytt for oljeavhengige samfunn som Sotra. Energibruken i dei nordiske landa må leggjast totalt om.

Utbygging av eit internasjonalt kraftforsyningsnett skal forsyna Europa med norsk vasskraft.
Utbygging av eit internasjonalt kraftforsyningsnett skal forsyna Europa med norsk vasskraft.

Sterke internasjonale krefter kjempar mot auka oljepris og gjenoppretting av oljerelaterte arbeidsplassar på Sotra. Dei nordiske landa skal i staden verta ein føregangsregion for reduserte CO2-utslepp og innføring av fornybar energi.

Dramatiske omleggingar
I følgje ”Nordic Energy Technology Perspectives 2016. Cities, flexibility and pathways to carbon-neutrality”, står dei nordiske landa ovanfor dramatiske omleggingar i energibruken. Rapporten som er utarbeida av Det internasjonale Energibyrået i samarbeid med Nordisk Energiforskning, vart presentert i Stockholm i dag.

Den 269 sider tjukke rapporten føreslår svært detaljerte tiltak på ei rekkje ulike område.

Det internasjonale Energibyrået
IEA er ein internasjonal organisasjon for å sikra stabil oljeforsyning og produsera informasjon og statistikk om marknadane for olje og andre energitypar. Subsidiært arbeider IEA med å fremma og utvikla alternative energikjelder, rasjonell energipolitikk og multinasjonalt samarbeid om energiteknologi.

Les: Last ned IEA-rapporten

Karbon-nøytral
Energibruken i dei nordiske landa må leggjast totalt om, skal vi hindra at den globale oppvarminga overgår meir enn to grader innan 2050.

Målet er at dei nordiske landa skal verta tilnærma karbon-nøytrale. Utsleppa av CO2 frå olje, gass og kol må reduserast kraftig. Fossile energikjelder og atomkraft står i dag for nærare to tredelar av den totale energibruken i Norden. Midt i dette hundreåret skal desse energikjeldene utgjera berre ein fjerdedel av det samla forbruket.

Fornybar-eksplosjon
I staden kan vi forventa ein fornybar-eksplosjon. Vind, vasskraft, biomasse og avfall skal stå for stadig større del av energiforsyninga. Samstundes skal den totale energibruken reduserast med 25 prosent samanlikna med dagens.

Den totale energibruken skal reduserast med 25 prosent. Olje, gass og atomkraft skal fasast ut, til fordel for fornybar, biomasse og avfall.
Den totale energibruken skal reduserast med 25 prosent. Olje, gass og atomkraft skal fasast ut, til fordel for fornybar, biomasse og avfall.

Elbilane overtek
Redusert bruk av bensin og diesel i transportsektoren vil vera det mest omfattande einskildtiltaket. Transportsektoren skal stå for heile 40 prosent av dei samla kutta i CO2-utsleppa.

Privatbilistane er dei som vil merka omlegginga tydelegast. Elektriske bilar og ladbare hybridar vil nærast totalt erstatta dagens bensin og dieseldrivne bilar. Endra byplanlegging i sentrale strøk skal dessutan bidra til å redusera det daglege transportbehovet vesentleg.

Langtransporten vil i stadig større grad gå over til å nytta biomasse som energikjelde.

Les: Klimaadvokaten

Høgare straumpris
Kraftforsyninga i Norge er alt i dag tilnærma CO2-fri. No skal vi byggja ut enno meir, og i tillegg verta storeksportør av fornybar energi til resten av Europa. Gjennom ei omfattande utbygging av det internasjonale kraftforsyningsnettet skal den norske vasskrafta erstatta olje, kol og atomkraft i land som Sverige, Danmark, England og Nederland.

Utbygging av eit internasjonalt energiforsyningsnett vil samstundes føra til ei utjamning av energiprisane. For nordmenn vil det innebera ein vesentleg auke i straumprisen.

Som erstatning for den eksporterte vasskrafta skal vi i Norge gå over til å nytta fjernvarme frå biomasse og avfall til oppvarming.

Les: Forsvarar naturinngrep – om utbygginga av det norske vasskraftsystemet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s