Rasar mot arealplanen – frådelte tomtar er for små til å byggjast på

Mange frådelte tomtar i Fjell er ikkje større enn 500 – 600 kvadratmeter. Kravet om maksimal utnytting på 20 prosent gjer at tomtane i praksis vert for små til å byggjast på.

Kjell Rune Garlid
Arealplanen sine begrensningar på maksimal utnytting av frådelte strøtomtar er for strenge, meinar Kjell Rune Garlid i Sotra Lista.

Det hevdar Kjell Rune Garlid (Sotra Lista). Saman med resten av Sotra Lista stemte Garlid mot då den gjeldande arealplanen for Fjell vart vedteken i fjor vår.

Dempar på byggjeaktiviteten
Trelasthandlaren på Ågotnes har i mange samanhangar stått fram som ein talsmann for bustadbygging i bygdene. No fryktar han at begrensningane på tomteutnyttinga som ligg i føresegnene til arealplanen legg ein ekstra dempar på byggjeaktiviteten i ein nedgangsperiode.

Byggjeareal
Nye tomtar som vert frådelte i LNF-område skal vera på minst eitt mål, ifølgje føresegnene til den nye arealplanen. Kravet om maksimalt 20 prosent byggjeareal inneber at det vil vera mogeleg å byggja på 200 kvadratmeter av tomten.

Ein moderne einebustad har gjerne ei golvflate på 200 kvadratmeter. Men så store einebustadar vil det ikkje lenger vera råd å byggja. Ikkje i henhald til dei nye føresegnene, hevdar Garlid.

Garasje
Kommunen krev at det skal setjast av 50 kvadratmeter til garasje, sjølv om garasjen ikkje vert bygd samstundes med bustaden. Garasjen skal reknast inn i den totale tomteutnyttinga. På nye tomtar vert det dermed ikkje vera råd å byggja ein bustad med større golvflate enn 150 kvadratmeter, argumenterer han.

For små
– Mange tomtar som tidlegare er frådelte kringom i Fjell er på berre 500 – 600 kvadratmeter, kan hende enda mindre. Garasjekravet gjer at desse tomtane vil vera for små til at dei kan byggjast på, utan å søkja dispensasjon, hevdar Garlid.

Utan reguleringsplan
Men det er ikkje berre i LNF-område at begrensninga på utnyttinga av tomtearealet set grense for kor store bustadane kan verta.

Ved bygging på strøtomtar utanfor reguleringsplan på strekninga Kolltveit – Ågotnes gjeld same kravet. På Litle Sotra utanom Straume-området, er maksimal utnyttingsgrad sett til 25 prosent.

Med reguleringsplan
Vert det derimot utarbeida reguleringsplan for området, opnar føresegnene for at bustadane kan verta større.

I LNF-område kan det då maksimalt byggjast på 25 prosent av arealet.

Store forskjellar
Men forskjellane mellom dei ulike delane av kommunen er store, sjølv om det vert utarbeida reguleringsplan. På strekkja Kolltveit – Ågotnes vil det på ein tomt på 600 kvadratmeter vera mogeleg å byggja ein einebustad med 190 kvadratmeter golvflate, med garasje på 50 kvadratmeter.

På Litle Sotra, utanom Straume-området, er maksimal tomteutnytting i nye reguleringsplanar sett til 50 prosent.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s