Fjell pilotkommune for integrering av flyktningar

Flyktningar som kjem til Fjell skal setjast i arbeid frå første dagen, utan først å gå gjennom det toårige introduksjons-programmet. Pilotprosjektet får ein million kroner i støtte frå fylkesmannen i Hordaland.

Smaksprøvar. Flyktningane i Fjell gav tidlegare i år kommunestyret i Fjell smaksprøvar på gjensidig kulturutveksling.
Smaksprøvar på integrering. Kvinnene i Internasjonal kvinneforening Sotra gav tidlegare i år kommunestyret i Fjell smaksprøvar på heimlandet sine delikatesser. Å by Odd Bjarne Skogestad (KrF) og dei andre politikarane to gongar var unødvendig.

Integrering av dei etterkvart mange flyktningane som kjem til Norge og Fjell er ei stor utfordring. Vanleg praksis er at alle, uansett bakgrunn og nasjonalitet, startar opphaldet i landet med eit toårig introduksjonskurs i språk og kultur.

Helse, omsorg og opplæring
No ønskjer Fjell kommune i staden å å testa ut ei ordning der nyankomne flyktningar går rett inn i ein jobb innan helse, omsorg eller opplæring i kommunen.

Hovudmålet med pilotprosjektet «Integrering gjennom arbeid» er å utvikla ein metode som kan overførast til andre kommunar.

Samfunnsmessig gevinst
– Det kan gje ein betydeleg samfunnsmessig gevinst på fleire områder dersom ein kan få til ei god integrering gjennom fast arbeid, hevdar rådmann Steinar Nesse i søknaden til fylkesmannen i Hordland.

Flyktningar som kjem tidleg i arbeid, kjem tidleg i kontakt med innbyggjarane i kommunen, og lærer norsk språk og kultur gjennom den kollegiale felleskapen.

Samstundes får kommunen løyst utfordringar og oppgåver som kommunen har behov for å få utført.

15 flyktningar
I første omgang ser ein for seg at inntil 15 av dei kring 100 flyktningane som kjem til Fjell dette året får tilbod om å delta i pilotprosjektet. Dei utvalde må ha språkferdighetar og kulturbakgrunn som dei kommunale avdelingane har bruk for.

Les: Unødvendig å by to gongar

Ei kartlegging viser at sosialsjefen, helsesjefen, bustadkontoret, barnehagesjefen og omsorgssjefen kvar vil ha behov for å tilsetja tre flyktningar med slik kompetanse. Hos skulesjefen vil behovet vera noko høgare.

Løn og arbeidsavtale
Flyktningane skal dels tilsetjast i ledige stillingar, dels i oppretta stillingar, og vil få løn og arbeidsavtalar i samsvar med gjeldande reglar. Fjell kommune dekkjer lønskostnadane.

Kollegial fellesskap
Norsk språk og kultur skal flyktningane læra dels gjennom individuelt tilpassa opplæring. Erfaringane dei haustar gjennom deltakinga i fellesskapen på arbeidsplassen vil vera vel så viktige for kor godt dei vert integrerte i det norske samfunnet, argumenterer Fjell kommune i søknaden til fylkesmannen i Hordaland.

Treårig
Fjell har fått innvilga ein million kroner i skjønsmidlar til å gjennomføra det treårige pilotprosjektet.

Det vil vera naudsynt å tilsetja tre personar for å drifta prosjektet. Samla kostnadar vert stipulert til åtte millionar kroner årleg.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.