Gründarane – viktige for Sotra

Over 70 forventningsfylte Sotrastrilar med ein gründer i magen stilte då Vest Næringsråd inviterte til oppstartmøte i det nye etablerernettverket i regionen.

Tommelen opp for gründarane i Fjell, Sund og Øygarden, fv. Arild Sæle, Per Aarsand og Johannes Wergeland i Vest Næringsråd.
Tommelen opp for gründarane i Fjell, Sund og Øygarden, fv. Arild Sæle, Per Aarsand og Johannes Wergeland i Vest Næringsråd.

Med seg på laget har VNR fått DnB, Innovasjon Norge, Business Region Bergen, Connect Vest og NAV. Alle informerte om sine tilbod til håpefulle gründarar.

Slik situasjonen på Sotra er akkurat no, er det ekstra mange som vurderer – eller vert nøydde til – å starta for seg sjølv. Det er der VNR ser grunnlag for å tilby hjelp til dei som treng å få tilgang til den kompetansen eit nettverk kan innebera, sa nettverksleiar Arild Sæle.

Viktig for Norge
– Gründarane er utruleg viktige for Norge. Meir enn 500.000 nordmenn går rundt og funderer på å starta si eiga verksemd. Ti prosent av dei gjer alvor av det, ifølgje
oppstartansvarleg Erlend Waaler i DnB.

Ryggraden i Bedrifts-Norge
Småbedriftene utgjer ryggraden i Bedrifts-Norge. Vel halvparten av alle norske verksemder har ein årleg omsetning under ein million kroner. Heile 86 prosent har færre enn fem tilsette.

Manglande kunnskap, kapital eller nettverk gjer at halvparten av nyetableringane dett av første året. Mange etablerarar sit og jobbar aleine. Eit etablerernettverk i regionen bør kunna auka overlevingsraten, sa Waaler.

Verd å løysa?
Jobbar du med eit problem som er verd å løysa? I så fall finst det også nokon som er villig til å betala for det. Dette kritiske spørsmålet bør difor alle gründarar stilla seg så tidleg som mogeleg i prosessen, sa Ivar Singstad i Innovasjon Norge.

Gå rett på forretningsmodellen og finn din første kunde så tidleg som mogeleg. Læringa startar etter lanseringa av produktet eller tenesta. Den tradisjonelle fossefallsmodellen for produktutvikling tek for lang tid og er for kostbar, ifølgje IN-rådgjevaren.

Finn kunden
– Finn kunden, og du er komen eit godt stykke nærare suksessen, sa Singstad.

Både Innovasjon Norge og Business Region Bergen tilbyr økonomisk støtte til nettopp marknadsundersøkingar.

– Viser marknadsundersøkinga at ideen ikkje er liv laga, så ha du uansett gjort ein jobb, og fortenar støtte, sa Tone Hartvedt i BRB.

Lever lenger
Connect Vest tilbyr hjelp ikkje berre til å testa ideane, men også mentorar som kjenner bransjen.

Les: Gründerselskap søkjer 2 millionar

– Dei verksemdene som lukkast er omstillingsdyktige i høve marknaden sine behov. Dei har erfarne folk i leiing og styre, og dei har tilgang til kapital, oppsummerte Hege Elvestad.

Av dei utvalde verksemdene som kjem inn i Connect Vest sitt nettverk, overlever sju av 10 dei første fem åra.

Ressurssterke arbeidssøkjarar
NAV kan vera løysinga for håpefulle gründarar. Her kan dei få dagpengar eller arbeidsavklaringspengar i inntil ni månadar i startfasen. 70 etablerarar i Hordaland nyt i dag godt av ordninga, 30 til har søkt. Skrapar dei saman nok kapital til eit aksjeselskap, kan dei i tillegg søkja på IN eller BRB sine stønadsordningar.

– Arbeidssøkjarane i Hordaland for tida er ei særleg ressurssterk gruppe, sa Erik Werner i NAV.

Versjon 1.0
Nokon treng fleire forsøk før dei lanserer eit produkt eller teneste som er verd å satsa på:

-Lukkast du ikkje i første forsøk, tenk på det som versjon 1.0, rådar Werner.

Gode tider for oppstart
– Dårlige tider, som dei vi opplever no, er ei god tid å vera gründer. Då får du fort testa ut om ideen din fungerer, fortalte dagleg leiar Kåre Bjorøy i Sartor Maskin AS som var vert for dagens møte. Sjølv starta han Sartor Maskin i 1990, i ei tid som var vesentleg verre enn den vi opplever no.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.