Kommunestyret skar gjennom – Sotrasambandet vedteke i Fjell

Kommunestyret i Fjell skar gjennom alle varsel om innsigelsar. Ingenting politikarane i Fjell kan kontrollera, får lov å forseinka det nye Sotrasambandet.

Ingenting skal få forseinka Sotrasambandet ytterligare. Eit samrøystes kommunestyre i Fjell har i dag vedteke den endelege reguleringsplanen.
Ingenting skal få forseinka Sotrasambandet ytterligare. Eit samrøystes kommunestyre i Fjell har i dag vedteke den endelege reguleringsplanen.

Eit samrøystes kommunestyre vedtok for få minutt sidan å godkjenna reguleringsplanen for det nye 9,4 kilometer lange fire-felts Sotrasambandet kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner.

På tide
Den lange saksbehandlingtida – meir enn 12 år – tre tidlegare ordførarar følgte diskusjonen frå salen – var hovudargumentet for at det no er på tide å få gjort eit endeleg vedtak.

Les: Klar for sluttbehandling av Sotrasambandet

Det at Statens vegvesen hadde varsla innsigelse, i tilfelle det vert gjort endringar på to kritiske punkt, var og medverkande til at politikarane no valde å skjera gjennom:

Bybanen
Bybane er noko fleire av representantane kanskje kunne tenkt seg. Kostnaden, tidsperspektivet og innsigelsesvarselet frå vegvesenet gjorde at berre Andreas Sjalg Unneland (SV) valde å ta opp det miljøvenlege transportmiddelet i kommunestyresalen.

Kollektivprioritet
Omsynet til kollektivtrafikken opptok fleire av representantane. Politikarane i Fjell valde liekvel, i motsetnad til byrådet i Bergen – å stola på vurderingane frå Statens vegvesen om at skilting av kollektivfelta i henhald til vegtrafikklova gjev tilstrekkjeleg ivaretaking av kollektivføremålet.

Ei regulering av kollektivfelta i henhald til Plan og bygningslova, ville gått ut over fleksibiliteten. Attpåtil ville det ha utløyst ein forseinkande utsigelse frå Statens vegvesen. I verste fall kunne eit slikt vedtak ha utsett arbeidet med fleire år, ifølgje spesialrådgjevar Willy Sørensen i Fjell kommune.

Ta diskusjonen med Bergen
No førebur kommunestyret seg på diskusjon med Bergen, for å få bystyret til å gjera eit likelydande vedtak, ikkje krevja regulering av kollektivfelta.

Les: OPS-status forseinkar Sotrasambandet

Stemte ned tre tilleggsforslag
Alle dei tre tilleggsforslaga vart nedstemt: Forslaget frå Anita Garlid Johannesen (FrP) om å endra avkøyrsla til gang og sykkelvegen frå Straume til Bildøy fekk fem røyster.

Andreas Sjalg Unneland (SV) fekk berre Miljøpartiet Dei Grøne med seg på forslaget om at Sotrasambandet må dimensjonerast for bybane. SV-representanten var også den einaste som stemte for at kollektivfelta mellom Valen-krysset og Storavatnet må regulerast til kollektivtrafikk.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s