SV vil ha bygdeutval i ny kommune

Intensjonsavtalen manglar løysingar for å sikre eit levande lokaldemokrati, hevdar SV-politikaren Andreas Sjalg Unneland.

Andreas Sjald Unneland (SV) ønskjer å styrka lokaldemokratiet i ein ny kommune.
Andreas Sjald Unneland (SV) ønskjer å styrka lokaldemokratiet i ein ny kommune.

SV ønskjer å styrka lokaldemokratiet. Intensjonsavtalen skildrar ein demokratimodell som i hovudtrekk samsvar med formannskapsmodellen. Avtalen manglar løysingar for å sikra eit levande lokaldemokrati, hevda Andreas Sjalg Unneland (SV) då kommunestyret i Fjell i dag diskuterte utkastet til intensjonsavtale for ein felles kommune for Fjell, Sund og Øygarden.

Lokaldemokratiet er den sida av kommunesamanslåinga som flest innbyggjarar er skeptisk til vil koma styrka ut i ein felles kommune, viste innbyggjarundersøkinga som Opinion nyleg  gjennomførte.

Les: Innbyggjarundersøkinga: Ofrar lokademokratiet for næringsutvikling

Lokal forankring
– Vi må utvida lokaldemokratiet, dersom vi skal slå oss saman. Val kvart fjerde år er ikkje tilstrekkjeleg, seier Unneland.

SV-representanten meinar vi må sjå på om bygdeutval eller grendautval kan sikra at vedtaka får lokal forankring.

Å skapa eit sterkt lokaldemokrati i ein ny kommune handlar om å få innbyggjarane til å kjenna eigarskap til dei politiske vedtaka. At dei skal kjenna seg som del av den nye kommunen, hevdar Unneland.

Sjå til Fredrikstad
Her vister Unneland til Fredrikstad. Fredrikstad har lenge jobba med å styrka innbyggjarane si medverknad i lokale beslutningsprosessar. Då fem kommunar vart slegne saman til kommunen Fredrikstad, vedtok kommunestyret i dela kommunen inn i område med lokale utval, seier Unneland.

Deltakande budsjettering
– Kommunen bør innføra prosjekt med deltakande budsjettering. Det vil gje innbyggjarane direkte innflyting på korleis budsjetta i kommunen vert bygde opp. Då snakkar vi om verkeleg levande lokaldemokrati, seier Unneland.

Deltakande budsjettering er vanleg fleire stadar, ifølgje Unneland. Ordninga oppstod i Brasil på 1990-talet, og er i dag innført mellom anna i Sevilla og Toronto.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.