Gjesterkommentar: Det finnes ingen angreknapp

Kommunestyret i Fjell vedtok i går ikkje å endra dagens praksis med rask og omfattande nedbygging av dyrka og dyrkbar jord. Handhevinga av jordlova og konsesjonslova skal framleis vera underordna utbyggjarinteressene i Plan og bygningslova. Vedtaket var samrøystes.

Nedanfor kan du lesa Monica Alvheim (MDG) sitt innlegg i kommunestyredebatten:

John Kjell Fjell sitt nydyrkingsprosjekt på Ulveseth. Eit døme på at ikkje alle i Fjell priorterer kortsiktige utbyggingsinteresser.
John Kjell Fjeld sitt nydyrkingsprosjekt på Ulveseth. Eit døme på at ikkje alle grunneigarane i Fjell priorterer kortsiktige utbyggingsinteresser.

Jordvernet i Norge er lovpålagt. I Jordlova heiter det:

«Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.»

Dispensasjon for å byggje på matjord skal dermed være unntak og ikkje regelen. Jordvern skal ikkje være basert på frivillighet.

Jordvernmyndighet
Kommunane har ansvar for arealforvaltninga lokalt, og vedtar planar om arealbruken etter plan- og bygningsloven. Kommunane har også myndighet til å fatte vedtak etter jordlova om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Det er altså kommunen som er den viktigste jordvernmyndigheten.

Matforsyning
Formålet med jordvern er å sikra grunnlaget for matproduksjon for fremtidige generasjoner og å ivareta kulturlandskapet. Bevaring av dyrka jord er ein forutsetning for å sikra matforsyninga i landet vårt både på kort og lang sikt.

Regnestykket med fleire mennesker og mindre matjord går ikke opp, samtidig som klimaendringane med tørke og oversvømmelser truer matforsyninga.

Vi kan ikkje kjøpe oss ut av en matmangel dersom det ikkje er nåke til salgs. Sjølv om det i enkeltprosjekter alltid vil lønne seg å bygge ned matjord ender alle som tapere.

Nødvendige og evigvarende matressurser må beskyttes av hensynet til oss sjøl og fremtidige generasjoner.

Kortsiktige entrepenørar
Det er ikkje mulig å øka norsk eller internasjonal matproduksjon utan eit styrka jordvern. Sjølv om Stortinget i dag har styrka jordvernet, må lokale entreprenører med kortsiktige næringshensyn få klar beskjed om at behovet for trygg mat og matsikkerhet er det aller viktigste. Vi ønsker jo ikkje å ende opp med å bu i det einaste matfatet vi hadde.

Under asfalt og betong
Det er berre tre prosent igjen av arealet i Norge som er egna til bruk i matproduksjon. I 1955 var det fem prosent, men siden då er store arealer lagt under asfalt og betong og om få tiår risikerer vi å ha svært lite igjen. Matjord som bygges ned, er tapt og kan aldri dyrkes på ny. Jord nydannes heller ikke i vår tid, det tar flere hundre år før kompliserte biologiske prosesser har skapt få centimeter ny jord.

Siden dyrka og dyrkbar jord er en begrenset ressurs vil miljøpartiet de grønne anbefale at kommunens matjord vernes for all fremtid. For det finnes ingen angreknapp for nedbygd matjord.

Les: Nydyrkaren

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s